Er du på bærtur?

Kor ofte er du på bærtur? Her i Noreg har vi massevis av herlege bær som vi kan plukke i naturen. Det er heilt gratis, og bæra inneheld masse god smak og næringsstoff. Enkelte har hemmelege bærplukkestader som dei ikkje avslører. Dette gjeld nok spesielt molter. Har du ein hemmeleg stad på fjellet eller i skogen, der du plukkar bær?

Accessibility icon Er du på bærtur?

Vere på bærtur

På seinsommar og haust er det mange som er på bærtur. Dei plukkar blåbær, tyttebær og molter.

Uttrykket “å vere på bærtur” betyr at du har misforstått, eller går i heilt feil retning. Dersom noko er “berre blåbær”, betyr det at noko er veldig lett og enkelt.

Bærtur
Bærtur

Blåbær

Blåbær kjenner dei fleste fordi bæra veks over heile landet. Dei fleste sankar blåbær sjølve i skogen, men blåbær kan òg kjøpast i butikken. Enkelte dyrkar blåbær i drivhus.

Blåbæra blir brukte til syltetøy og safting.  Kanskje et du pannekaker med blåbærsyltetøy?

Bæra kan òg brukast for å stanse forstopping og diaré.

Blåbær inneheld vitamin C og masse antioksidantar.

Antioksidantar

Forskarar trur antioksidantar i maten kan verne kroppen vår. Kroppen lagar antioksidantar, men det meste finst i maten du et.

Kroppen forbrenn oksygen. Då blir det igjen nokre restar som kan skade cellene våre. Det er dette antioksidantane vernar oss mot.

For å samanlikne det med noko, kan du dele eit eple i to. Då blir overflata fort brun etter at ho blir utsett for oksygenet i lufta. Noko liknande skjer med cellene i kroppen.

Bær inneheld masse antioksidantar.

Blokkebær

Blokkebær liknar ganske mykje på blåbær, men er ikkje like populære.

Dei blir brukte til syltetøy og saft.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt

Ønsker du å lese hele artikkelen?

Ved å logge inn får du full tilgang til artikkelen, samt Lærerrommet med engasjerende læringsstier og oppgaver du kan bruke i undervisningen.

Logg inn med Feide

Ønsker du å prøve ut fullversjonen av Skolerom?
Kontakt oss her!