Er du på bærtur?

Kor ofte er du på bærtur? Her i Noreg har vi mengder av herlege bær som vi kan plukke i naturen. Det er heilt gratis, og dei inneheld masse god smak og gode næringsstoff. Enkelte har hemmelege bærplukkestader som dei ikkje avslører. Dette gjeld nok spesielt molter. Har du ein hemmeleg stad på fjellet eller i skogen der du plukkar bær?

Accessibility icon Er du på bærtur?

Vere på bærtur

På seinsommar og haust er det mange som bokstaveleg talt er på bærtur. Dei plukkar ulike typar skogsbær som blåbær, tyttebær og molter.

Elles blir uttrykket “å vere på bærtur” brukt om at ein har misforstått noko kraftig, eller har gått i heilt feil retning. Det å “vere heilt på viddene” betyr det same i overført betydning. Dersom noko er “berre blåbær” derimot – ja, då betyr det at noko er veldig lett og enkelt, eller noko ein ikkje treng å bry seg så mykje om. I engelsk bruker dei peanuts, og på svensk småpotatis i same type uttrykk!

Bærtur
Bærtur

Blåbær

Blåbær er noko som dei fleste i Noreg kjenner til, fordi bæra veks over store delar av landet. Dei fleste sankar blåbær sjølve i skogen, men blåbær blir òg dyrka kommersielt. Det er som regel desse vi kan kjøpe i butikken. Bæra er ofte større enn dei du finn i skogen.

Blåbæra har vore brukte i lange tider, spesielt til syltetøy og safting.  Kanskje et du pannekaker med blåbærsyltetøy?

Bæra kan òg tørkast eller frysast. Før i tida brukte ein blåbær i folkemedisinen for å stoppe diaré. Då kokte ein bæra. Men et du friske bær, kan det vere ei hjelp mot problem med avføring.

Blåbær inneheld mellom anna mykje vitamin C og er svært rike på antioksidantar – så dette er veldig nyttig for kroppen.

Antioksidantar

Forskarar trur antioksidantar i kosthaldet kan verke vernande. Sjølv om kroppen òg lagar antioksidantar, blir det tilrådd å få i seg slike gjennom maten.

Når kroppen forbrenn oksygen, blir det produsert frie oksygenradikal som biprodukt. Blir det for mykje av desse stoffa, kan dei skade cellene og arvestoff. Dette kallar vi oksidativt stress. Det er til dømes dette du ser om du deler eit eple i to. Då blir overflata fort brun etter at ho blir utsett for oksygenet i lufta. Antioksidantane er kroppen sitt eige forsvar mot desse radikala.

Bær viser seg å innehalde masse antioksidantar. Nyper har eit svært høgt innhald, saman med krekling, blåbær, solbær, kirsebær, bjørnebær, ville jordbær og tyttebær.

Blokkebær

Blokkebær – òg kalla skinntryte – liknar ganske mykje på blåbær, men er ikkje like populære.

Dei kan brukast på same måtar som blåbær, som til dømes til syltetøy og saft.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt

Ønsker du å lese hele artikkelen?

Ved å logge inn får du full tilgang til artikkelen, samt Lærerrommet med engasjerende læringsstier og oppgaver du kan bruke i undervisningen.

Logg inn med Feide

Ønsker du å prøve ut fullversjonen av Skolerom?
Kontakt oss her!