Er Grønland større enn Afrika?

Har du prøvd å pakke inn ein klementin? Då veit du kor vanskeleg det er å pakke fint utan at det blir krøllete. Det same problemet oppstår når ein skal lage kart av korleis jorda ser ut. Ei utfordring er at landa kan sjå ut til å vere større eller mindre enn dei faktisk er!

Accessibility icon Er Grønland større enn Afrika?

Er Grønland større enn Afrika?

Her ser du eit mykje brukt kart over verda. Vi har merkt av Grønland med en raud firkant, og  Afrika med ein gul firkant. 

Kva tenkjer du er størst:  Grønland eller Afrika?

Et kart som markerer Grønland i en rød firkant, og Afrika i en gul firkant for å sammenligne størrelse

Men kan vi tru det kartet viser?

Er det rett at Grønland og Afrika har omtrent same storleik – eller er det noko som er heilt gale her?

Problemet oppstår når vi prøver å vise ei 3-dimensjonal verd som eit 2-dimensjonalt kart. Då blir ikkje storleiken på landa heilt korrekt når vi samanliknar dei med kvarandre.

Viss vi skal vise den korrekte storleiken på Grønland i forhold til Afrika, blir det som i dette bildet – der Grønland er vist i blått felt på det afrikanske kontinentet. Afrika er faktisk 14 gongar større enn Grønland!

Men kvifor ser det heile annleis ut på dei fleste kart? La oss sjå nærare på kart og globus for å svare på dette spørsmålet.

Arealet av Grønland er vist i blått felt på det afrikanske kontinente for å vise størrelse forskjellen på Grønland og Afrika på kart

Ønsker du å lese hele artikkelen?

Ved å logge inn får du full tilgang til artikkelen, samt Lærerrommet med engasjerende læringsstier og oppgaver du kan bruke i undervisningen.

Logg inn med Feide

Ønsker du å prøve ut fullversjonen av Skolerom?
Kontakt oss her!