Er Grønland større enn Afrika?

Har du prøvd å pakke inn ein klementin? Då veit du kor vanskeleg det er å pakke fint utan at det blir krøllete. Det same problemet oppstår når ein skal lage kart av korleis jorda ser ut. Ei utfordring er at landa kan sjå ut til å vere større eller mindre enn dei faktisk er!

Accessibility icon Er Grønland større enn Afrika?

Er Grønland større enn Afrika?

Her ser du eit mykje brukt kart over verda. Vi har merkt av Grønland med ein raud firkant, og  Afrika med ein gul firkant.

Kva tenkjer du er størst: Grønland eller Afrika?

Et kart som markerer Grønland i en rød firkant, og Afrika i en gul firkant for å sammenligne størrelse

Men kan vi tru det kartet viser?

Er du samd i at Grønland og Afrika ser nesten like store ut? Er det rett?

Det er eit problem. Verda er rund som ein ball. Det vil seie 3-dimensjonal. Kartet er flatt som eit ark og 2-dimensjonalt. Då blir ikkje storleiken heilt rett når vi måler dei to landa mot kvarandre.

Det blå feltet på kartet nedanfor viser den rette storleiken på Grønland i forhold til Afrika. Afrika er faktisk 14 gongar større enn Grønland!

Men kvifor ser det annleis ut på dei fleste kart? Vi skal svare på det ved å lære meir om kart og globus.

Arealet av Grønland er vist i blått felt på det afrikanske kontinente for å vise størrelse forskjellen på Grønland og Afrika på kart

Ønsker du å lese hele artikkelen?

Ved å logge inn får du full tilgang til artikkelen, samt Lærerrommet med engasjerende læringsstier og oppgaver du kan bruke i undervisningen.

Logg inn med Feide

Ønsker du å prøve ut fullversjonen av Skolerom?
Kontakt oss her!