Er Grønland større enn Afrika?

Har du prøvd å pakke inn ein klementin? Då veit du kor vanskeleg det er å pakke fint utan at det blir krøllete. Det same problemet oppstår når ein skal lage kart av korleis jorda ser ut. Ei utfordring er at landa kan sjå ut til å vere større eller mindre enn dei faktisk er!

Accessibility icon Er Grønland større enn Afrika?

Er Grønland større enn Afrika?

Her ser du eit mykje brukt kart over verda. Vi har merkt av Grønland med ein raud firkant, og  Afrika med ein gul firkant.

Kva tenkjer du er størst: Grønland eller Afrika?

Et kart som markerer Grønland i en rød firkant, og Afrika i en gul firkant for å sammenligne størrelse

Men kan vi tru det kartet viser?

Er du samd i at Grønland og Afrika ser nesten like store ut? Er det rett?

Det er eit problem. Verda er rund som ein ball. Det vil seie 3-dimensjonal. Kartet er flatt som eit ark og 2-dimensjonalt. Då blir ikkje storleiken heilt rett når vi måler dei to landa mot kvarandre.

Det blå feltet på kartet nedanfor viser den rette storleiken på Grønland i forhold til Afrika. Afrika er faktisk 14 gongar større enn Grønland!

Men kvifor ser det annleis ut på dei fleste kart? Vi skal svare på det ved å lære meir om kart og globus.

Arealet av Grønland er vist i blått felt på det afrikanske kontinente for å vise størrelse forskjellen på Grønland og Afrika på kart

Målestokk

Kart har ulike målestokkar. Ein målestokk  fortel oss kor mykje 1 cm på kartet er i røynda. 

Målestokken på eit orienteringskart pleier å vere 1:1000. Det betyr at 1 cm på kartet er 10 meter i røynda. Sånn er det ikkje med kart over eit heilt land. Då kan målestokken vere 1: 1 000 000. 1 cm på kartet blir då 10 km i røynda.

Målestokken på trykte kart forandrar seg ikkje. Det gjer digitale kart. Målestokken endrar seg når vi zoomar ut eller inn.

Et linjal som ligger på et kart for å illustrere målestokk
Et linjal som ligger på et kart for å illustrere målestokk

Kart og globus

Du har lært at jorda er 3-dimensjonal, og at kart er 2-dimensjonale. Med eit kart ser vi verda i eit fugleperspektiv. Sjå korleis i animasjonen.

 

På kartet ser vi linjer. Det er kotar. Dei viser kor høgt noko er i terrenget. Kotane ser ut som ujamne sirklar. Når sirklane står tett saman, betyr det at det er bratt. Sjå på animasjonen. På éin stad er kotane tettare. Det betyr at det er brattare på den sida av fjellet.

Eit atlas er fleire kart samla i til dømes ei bok.

Globus er jordkloden i miniatyr. Det er faktisk det einaste kartet som klarer å vise korleis jorda ser ut i røyndommen. Her blir vist kor store landa er, og korleis dei ligg i forhold til kvarandre.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
En globus
En globus

Mange ulike typar kart

Det finst mange ulike typar kart. Dei mest vanlege er geografiske kart, topografiske kart og temakart.

  • Eit geografisk kart viser landegrenser, store vegar, elvar, byar og slikt.
  • Eit topografisk kart har fleire detaljar. Landskapet blir vist med ulike fargar for skog, vatn, jorde, busetnad osv.
  • Eit temakart kan seie noko om ein stad. Det kan vise kor tett menneske bur i eit område. Det kan seie noko om plantar i området, eller noko om klimaet der.

Men det finst og andre typar kart. Til dømes sjøkart, turkart og historiske kart. Kjem du på fleire typar kart?

Lengdegrader og breiddegrader

Jordkloden blir delt opp med lengde- og breiddegrader. Sjå på globusen. Finn du ekvator? Breiddegradene går rundt jorda parallelt med ekvator. 

Sjå på toppen av jordkloden. Der er Nordpolen. Ut derfrå går lengdegradene. Dei ender opp i Sørpolen.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Et satellitt kart som viser Europa, Grønland, Midtøsten og Asia
Et satellitt kart som viser Europa, Grønland, Midtøsten og Asia

Projeksjonar

Tenk på det første biletet av Grønland og Afrika. Der såg ikkje Grønland mindre ut enn Afrika. Men det var faktisk mindre. Kvifor blir det slik?

Ta ein klementin. Skrell han, og legg han utover bordet. Får du til å leggje han flatt og firkanta? Du kan strekkje og tøye masse på skalet. Men det blir ikkje heilt rett. Sånn er det med kart òg. Vi må strekkje ut land for å få det flatt.

Prøv å leggje eit firkanta ark rundt klementinen. Du får det ikkje til å liggje fint. Du må krølle det rundt.

For å få til dette på eit kart må vi strekkje og tøye landa. Det blir kalla for projeksjonar.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
En dame som skreller en mandarin
En dame som skreller en mandarin

Mercator

Den mest kjende projeksjonen i kart er Mercator. I ein slik kartprojeksjon er lengde- og breiddegradene rette vinklar.

Tenk deg at du skal lage ein slik projeksjon. Tre ein stor dorull ned over kloden. Han skal vere tett på ekvator. Teikn lengdegradene nedover heilt loddrette. Ser du at lengdegradene blir meir feil når du er langt unna polane? Men meir riktige rundt ekvator?

Nesten alle kart på nettet brukar Mercatorprojeksjon.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Eksempel på et Mercator kart
Eksempel på et Mercator kart

Winkel-Tripel

Ein annan projeksjon er Winkel-Tripel. I forhold til dei andre blir det mindre forskjell i areal, avstand og retning.

Kjegleprojeksjon

Ta eit ark og lag ei kjegle. Sett henne over kloden slik bildet viser. Då har du laga ein kjegleprojeksjon. Lengdegradene stråler då ut frå polen. Breiddegradene blir konsentriske sirklar.

Projeksjonen passar til land som strekkjer seg ut i breidderetninga. Land som til dømes Russland.

Kjegleprojeksjon
Kjegleprojeksjon

Gall Peters

Kva med Gall Peters kartprojeksjon? Kanskje den mest «rettferdige»? Han gjer at areala blir riktige. Vinklane blir feil. Då blir forma på kontinenta òg feil. Rutene på lengde- og breiddegradene blir annleis. Dei blir meir avlange her enn dei blir i ein Mercatorprojeksjon. Det gjer at landa blir lenger og smalare.

Eksempel på et Gall Peters kart
Eksempel på et Gall Peters kart

Vanskeleg å gjette størrelsar 

Her er nesten alle EU-land putta inn i landområdet til Brasil. Hadde du trudd at Brasil var så stort? Du forstår kanskje kvifor det er så vanskeleg å gjette størrelsen?

Omrisset av nesten alle EU-landene satt inn i Brasil sine grenser på et kart
Omrisset av nesten alle EU-landene satt inn i Brasil sine grenser på et kart

Kjelder:

Bilde- og videorettar:

    1. Getty Images / Daniel R. Strebe (CC BY-SA 3.0)
    2. Getty Images / Skjermbilde hentet fra www.thetruesize.com
    3. Getty Images
    4. Getty Images / Animasjonsfilm: Skolerom
    5. Getty Images /Friman at Norwegian Wikipedia (CC BY-SA 3.0)
    6. Getty Images
    7. Daniel R. Strebe (CC BY-SA 3.0)
    8. Daniel R. Strebe
    9. Daniel R. Strebe (CC BY-SA 3.0)
    10. Daniel R. Strebe (CC BY-SA 3.0)
    11. Getty Images / Skjermbilde hentet fra www.thetruesize.com