Er identitet noko som er medfødt?

Identiteten vår seier noko om kven vi er. Alle er unike menneske, så identiteten vår er ulik. Kan vi forandre identiteten vår, eller er identiteten den same heile livet?

Accessibility icon Er identitet noko som er medfødt?

Kva er identitet?

Identitet er ikkje noko vi blir fødde med. Det er noko som utviklar seg over tid. Identitet er heller ikkje noko som er likt heile livet. Den kan forandrast i forhold til livssituasjonen vår.

Den personlege identiteten handlar om å vite kven vi er og korleis vi ønskjer å vere. Korleis vi ser på oss sjølve og korleis andre ser oss, kan vere ganske ulikt. Det viktige er at alle har sin eigen identitet. Alle er unike, og det betyr å ikkje vere lik alle andre.

En ung mann som ser mot oss med lue og ring i leppa.
En ung mann som ser mot oss med lue og ring i leppa.

Gruppeidentitet

Gruppeidentitet handlar om å ha noko felles med ei gruppe menneske. Det kan variere ut ifrå kva slags gruppe ein tilhøyrer.

Ein gruppeidentitet kan vere «oss kvinner» eller «oss nordmenn». Kanskje er identiteten «vi som elskar fotball» eller «vi som er i korpset». Då føler vi oss som ein del av eit større fellesskap. Å tilhøyre eit fellesskap kan vere både godt og dårleg.

På den eine sida er vi menneske skapte for å vere saman. Vi er sosiale vesen, og det er viktig å vere saman med andre menneske. Men gruppa vi er ein del av, treng ikkje alltid å vere god for oss.

Kanskje er det ei gruppe som dyrkar rasisme og kriminalitet, eller som fremjar sjølvskading og bruk av rusmiddel.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Skolekorps i stor klynge med instrumentene hevet over hodet.
Skolekorps i stor klynge med instrumentene hevet over hodet.

Roller og forventningar

Det er forventningar til oss heile tida. Ut ifrå kven vi er og kva vi gjer. Dette blir kalla å ha ei rolle. Det er forventningar til åtferda di i ulike situasjonar. Du har ulike roller heime, i klasserommet, på jobb eller saman med venner.

Nokre gongar kan det vere vanskeleg å leve opp til rolla du har. Det er ikkje sikkert du fiksar skulen eller fotballen, sjølv om alle rundt deg forventar det.

Ei rolle kan òg vere avhengig av posisjon. Det er forskjell på barn og vaksen, og om ein jobbar i butikk eller er statsminister i Noreg.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Undervisning i et klasserom der mange elever rekker opp hånda.
Undervisning i et klasserom der mange elever rekker opp hånda.

Roller endrar seg over tid

Roller endrar seg over tid. Frå å vere barn blir du vaksen. Frå å vere elev begynner du å jobbe, og kanskje blir du forelder. Alt dette gir deg heilt ulike roller.

Nokre roller er formelle, medan andre er uformelle. Uformelle roller er å vere dotter, far eller elev. Formelle roller kan vere ein jobb du blir tilsett i, eller om du sit i styret i burettslaget.

Endre rolle

Viss du oppfører deg annleis enn folk forventar, kan det skape uvisse. Det kan nokre gongar vere vanskeleg å følgje reglane heime, på skulen eller i samfunnet elles.

Det å endre på den rolla du har, kan vere vanskeleg. Viss du har vorte stempla som urokråke eller problembarn på skulen, kan det vere vanskeleg å endre den rolla.

Eit døme kan vere ungdom som gjer opprør mot foreldra sine. Eit anna døme kan vere forskjellen mellom kva unge og eldre meiner er akseptabel språkbruk.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
To tenåringsgutter plager en medelev ved en rekke med skap.
To tenåringsgutter plager en medelev ved en rekke med skap.

Rollebyte

Korleis ville du oppført deg hvis du tok ei anna rolle?

  • du blir plutseleg 80 år gammal
  • du blir mamma eller pappa
  • du skifter religion
  • du blir statsminister i Noreg
  • du skifter kjønn
Sorthvitt bilde av en far og ung sønn der sønnen er kledd som faren i dress og hatt.
Sorthvitt bilde av en far og ung sønn der sønnen er kledd som faren i dress og hatt.

Sosialisering

Sosialisering betyr at du lærer korleis du skal oppføre deg i eit samfunn. Du bør vite om dei forventningane folk har til deg.  Det gjer at vi kan skilje mellom rett og gale.

Viss ein ikkje følger reglane i samfunnet, får det konsekvensar. I verste fall kan du bli sett i fengsel eller få store bøter. Då har du gjort noko kriminelt. Men du kan òg få straff viss du gjer noko gale på skulen eller heime.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
En mann sitter med hodet bøyd i en fengselscelle.
En mann sitter med hodet bøyd i en fengselscelle.

Å bryte med normer

Viss ein gjer noko heilt anna enn det samfunnet forventar, kallar vi  det sosialt avvik. Det kan verke både positivt og negativt.

Negativt fordi det kan føre til kriminalitet (brot med lover og reglar). Positivt fordi endringar kan gjere at samfunnet utviklar seg vidare.

En ung mann med sort hettegenser, sort skinnjakke og hanekam med striper av gult og fiolett.
En ung mann med sort hettegenser, sort skinnjakke og hanekam med striper av gult og fiolett.

Sosiale medium

Sosiale medium har på mange måtar gjort noko med folks identitet. For mange blir det eit press for å verke perfekt, medan andre presenterer seg sjølve utan filter. Kven vi utgir oss for å vere på sosiale medium, kan vere ganske forskjellig frå den vi eigentleg er.

På den måten er det ikkje så enkelt å finne identiteten sin. Samfunnet, venner og familie har forventningar til kven du skal vere. Det er ikkje alltid det passar med din eiga meining om dette. Kva betyr det å vere seg sjølv, og kor lett er det?

Ung influenser med rosa hår som viser frem en gullsko foran et kamera.
Ung influenser med rosa hår som viser frem en gullsko foran et kamera.

Kjelder:

  • Skirbekk, Sigurd; Tjora, Aksel: sosialisering i Store norske leksikon på snl.no.
    Henta 23. november 2021 frå https://snl.no/sosialisering

Bilde- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Getty Images
    4. Getty Images
    5. Getty Images
    6. Getty Images
    7. Getty Images