Er identitet noko som er medfødt?

Vår identitet seier noko om kven vi er. Alle er unike menneske, så identiteten vår er forskjellig. Kan vi forandre identiteten vår, eller er identiteten den same heile livet?

Accessibility icon Er identitet noko som er medfødt?

Kva er identitet?

Identitet er ikkje noko som er medfødt, men noko som utviklar seg over tid. Identitet er heller ikkje noko som er det same heile livet. Vi kan endre og justere identiteten vår.

Den personlege identiteten handlar om å vite kven vi er og korleis vi ønskjer å vere. Korleis vi ser på oss sjølve og korleis andre ser oss, kan vere ganske ulikt. Det viktige er at alle har sin eigen identitet. Vi er alle nemleg unike, og det betyr å ikkje vere lik alle andre.

En ung mann som ser mot oss med lue og ring i leppa.
En ung mann som ser mot oss med lue og ring i leppa.

Gruppeidentitet

Gruppeidentitet handlar om å ha fellestrekk med ei gruppe menneske, og slik identitet kan variere ut ifrå kva slags gruppe ein tilhøyrer.

Ein gruppeidentitet kan vere «oss kvinner» eller «oss nordmenn». Kanskje er identiteten «vi som elskar fotball», «vi som er i korpset» eller «oss muslimar». Då føler vi oss som ein del av eit større fellesskap. Å tilhøyre eit fellesskap kan vere både godt og dårleg.

På den eine sida er vi menneske skapte for å vere saman. Vi er sosiale vesen, og det er viktig å vere saman med andre menneske. Men gruppa vi føler oss som ein del av, treng ikkje alltid å vere god for oss.

Kanskje er det ei gruppe som dyrkar uheldige interesser (ekstremisme, rasisme, kriminalitet), eller som fremjar andre farlege idear (sjølvskading, sjølvmord, bruk av rusmiddel).

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Skolekorps i stor klynge med instrumentene hevet over hodet.
Skolekorps i stor klynge med instrumentene hevet over hodet.

Roller og forventningar

Ei rolle er eit sett med forventningar knytte til ein situasjon eller posisjon. Med situasjon meiner vi korleis det er forventa at ein skal oppføre seg i ulike situasjonar som heime, i klasserommet, på jobb, eller saman med venner.

Nokre gongar kan det vere vanskeleg å leve opp til rolla. Det kan vere at det til dømes er forventa at ein skal gjere det godt i eit fag, og så får ein det ikkje til.

Ei rolle kan òg vere avhengig av posisjon. Det er forskjell på barn og vaksen, om ein jobbar i butikk, eller er statsminister i Noreg.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Undervisning i et klasserom der mange elever rekker opp hånda.
Undervisning i et klasserom der mange elever rekker opp hånda.

Roller endrar seg over tid

Roller endrar seg over tid. Situasjonar og posisjonar blir endra. Frå å vere barn blir du vaksen. Frå å vere elev begynner du å jobbe, og kanskje blir du forelder. Då får du ei foreldrerolle som skal takast vare på.

Det er ikkje alltid så enkelt å vite korleis ein skal oppføre seg i alle situasjonar. Spesielt ikkje når ein møter andre kulturar som har andre normer, eller når ein møter nokon som er i ein annan generasjon enn ein sjølv.

Nokre roller er formelle, medan andre er uformelle. Uformelle roller er å vere dotter, far eller elev. Formelle roller kan vere verv du blir vald til, jobbar du blir tilsett i eller politiske stillingar.

Endre rolle

Viss ein ikkje oppfører seg slik det er forventa, kan det skape forvirring, kaos og aggresjon. Det kan vere vanskeleg å ikkje følgje normene, anten det er heime, med venner, på skulen eller i samfunnet elles.

Det å endre rolle kan vere vanskeleg. Viss du alltid har godteke kva andre har sagt, kan det vere vanskeleg å plutseleg stille spørsmål. Viss du har vorte stempla som urokråke, problembarn eller småkriminell, kan det vere problematisk å endre rolla si.

Eit døme kan vere ungdom som gjer opprør mot foreldra sine eller mot samfunnet. Eit anna døme kan vere forskjellen mellom kva unge og eldre meiner er akseptabelt, til dømes i forhold til språkbruk, påkledning eller syn på teknologi. Eit tredje døme kan vere at ein oppfører seg i strid med tradisjon og religion, til dømes på feriereise i eit land med annan kultur.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
To tenåringsgutter plager en medelev ved en rekke med skap.
To tenåringsgutter plager en medelev ved en rekke med skap.

Rollebyte

Korleis ville du oppført deg viss du tok ei anna rolle?

  • du kjem heim og oppfører deg som ein framand i ditt eige hus
  • du blir plutseleg 80 år gammal
  • du blir mamma eller pappa
  • du skifter religion
  • du blir statsminister i Noreg
  • du skifter kjønn
Sorthvitt bilde av en far og ung sønn der sønnen er kledd som faren i dress og hatt.
Sorthvitt bilde av en far og ung sønn der sønnen er kledd som faren i dress og hatt.

Sosialisering

Sosialisering betyr at menneske lærer å fungere i eit samfunn gjennom å kjenne dei reglane og normene som det blir forventa at ein skal følgje. At ein i hovudsak har dei same verdiane som andre i samfunnet.

Det gjer at vi skal kunne skilje mellom rett og gale, og mellom godt og vondt.

Viss ein ikkje følgjer normer og reglar, får det konsekvensar. Anten formelt gjennom at ein bryt lova, eller uformelt gjennom at ein bryt normer. Formelt kan ein straffast av rettsvesenet med bøter eller fengsel. Uformelt kan vere at ein får husarrest, får kjeft, eller blir stengd ute frå ei gruppe.

Ein regel er ofte formelt skriven ned, medan ei norm er meir som ei forventa åtferd i ulike samanhengar.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
En mann sitter med hodet bøyd i en fengselscelle.
En mann sitter med hodet bøyd i en fengselscelle.

Å bryte med normen

Viss ein bryt normer og tek avstand frå samfunnet og verdiane der, blir det kalla sosialt avvik. Det kan verke både positivt og negativt.

Negativt fordi det kan føre til kriminalitet (brot med lover og reglar) eller at ein blir stengd ute. Positivt fordi det å stille spørsmål ved etablert praksis kan føre til at samfunnet utviklar seg vidare.

En ung mann med sort hettegenser, sort skinnjakke og hanekam med striper av gult og fiolett.
En ung mann med sort hettegenser, sort skinnjakke og hanekam med striper av gult og fiolett.

Sosiale medium

Sosiale medium har på mange måtar gjort noko med folks identitet. For mange blir det eit press for å vere slik andre forventar, medan andre presenterer seg sjølve utan filter. Kven vi utgir oss for å vere på sosiale medium, kan vere ganske forskjellig frå den vi eigentleg er.

På den måten er det ikkje så enkelt å finne identiteten sin. Samfunnet, venner og familie har forventningar til kven du skal vere, og det er ikkje alltid det passar med din eiga meining om dette. Kva betyr det å vere seg sjølv, og kor lett er det?

Ung influenser med rosa hår som viser frem en gullsko foran et kamera.
Ung influenser med rosa hår som viser frem en gullsko foran et kamera.

Kjelder:

  • Skirbekk, Sigurd; Tjora, Aksel: sosialisering i Store norske leksikon på snl.no.
    Henta 23. november 2021 frå https://snl.no/sosialisering

Bilde- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Getty Images
    4. Getty Images
    5. Getty Images
    6. Getty Images
    7. Getty Images