Er identitet noko som er medfødt?

Identiteten vår seier noko om kven vi er. Alle er unike menneske, så identiteten vår er ulik. Kan vi forandre identiteten vår, eller er identiteten lik heile livet?

Accessibility icon Er identitet noko som er medfødt?

Kva er identitet?

Identitet er ikkje noko du blir fødd med. Det utviklar seg over tid. Identitet er ikkje noko som er likt heile livet. Vi forandrar oss etter kvart som vi blir eldre.

Identiteten handlar om å vite kven vi er og korleis vi ønskjer å vere. Det er viktig at du finn din eigen identitet. Alle er unike, og det betyr å ikkje vere lik alle andre.

En ung mann som ser mot oss med lue og ring i leppa.
En ung mann som ser mot oss med lue og ring i leppa.

Gruppeidentitet

Viss du er med på eit lag eller i eit korps, kan du kjenne på gruppeidentitet. Då har du noko felles med mange andre.

Ein gruppeidentitet kan dermed vere «vi som elskar fotball» eller «vi som er i korpset». Å tilhøyre eit fellesskap kan vere både godt og dårleg.

På den eine sida er vi menneske skapte for å vere saman. Vi er avhengige av andre. Men gruppa vi er ein del av, treng ikkje alltid å vere god for oss.

Kanskje er det ei gruppe som er rasistisk eller kriminell, eller som driv med rusmiddel.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Skolekorps i stor klynge med instrumentene hevet over hodet.
Skolekorps i stor klynge med instrumentene hevet over hodet.

Roller og forventningar

I dei gruppene du er med i, har du ei rolle. Dei du er saman med, har forventningar til korleis du skal oppføre deg. Anten det er heime, på handballaget eller på fest med venner.

Nokre gongar kan det vere vanskeleg å leve opp til rolla. Nokon forventar ting av deg som du anten ikkje vil eller får til. Ofte blir det forventa at du skal gjere det bra på skulen. Det er ikkje sikkert du alltid innfrir dette.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Undervisning i et klasserom der mange elever rekker opp hånda.
Undervisning i et klasserom der mange elever rekker opp hånda.

Roller endrar seg over tid

Roller endrar seg over tid. Frå å vere barn blir du vaksen. Frå å vere elev begynner du å jobbe.

Nokre roller er formelle, medan andre er uformelle. Uformelle roller er å vere dotter, far eller elev. Formelle roller kan du ha i ein jobb, eller om du sit i styret i badmingtonklubben.

Endre rolle

Det kan vere vanskeleg å ha mange ulike roller. Fotballtrenaren forventar noko anna av deg enn vennene på ungdomsklubben.

Det er heller ikkje så lett å endre på dei rollene du har. Viss du har vorte stempla som urokråke og problembarn på skulen, kan det vere vanskeleg å endre rolla si.

Når du er tenåring, kan det vere lett å ikle seg ei rolle. Det kan gjelde klesvalg, språkbruk og åtferd mot foreldre. Nokre veks av seg tenåringsrolla, medan andre ønskjer å ha den rolla òg når dei blir vaksne.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
To tenåringsgutter plager en medelev ved en rekke med skap.
To tenåringsgutter plager en medelev ved en rekke med skap.

Rollebyte

Korleis ville du oppført deg viss du tok ei anna rolle?

  • du blir plutseleg 80 år gammal
  • du blir mamma eller pappa
  • du blir statsminister i Noreg
  • du skifter kjønn
Sorthvitt bilde av en far og ung sønn der sønnen er kledd som faren i dress og hatt.
Sorthvitt bilde av en far og ung sønn der sønnen er kledd som faren i dress og hatt.

Sosialisering

Sosialisering betyr at du må lære deg korleis du skal oppføre deg. Du må kjenne dei reglane som gjeld der du er. Det blir stilt forventningar til deg overalt. Det gjer at vi skal kunne skilje mellom rett og gale.

Viss ein ikkje følger reglane, får det konsekvensar. Viss du gjer noko kriminelt, kan du hamne i fengsel eller få bot. Gjer du noko dumt heime, kan du få husarrest. På skulen kan du få nedsett åtferdskarakter.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
En mann sitter med hodet bøyd i en fengselscelle.
En mann sitter med hodet bøyd i en fengselscelle.

Å bryte med normer

Viss ein gjer noko heilt anna enn det samfunnet forventar, blir det kalla sosialt avvik. Det kan vere både positivt og negativt.

Negativt fordi det kan føre til kriminalitet. Positivt fordi forandringar kan utvikle samfunnet vidare.

En ung mann med sort hettegenser, sort skinnjakke og hanekam med striper av gult og fiolett.
En ung mann med sort hettegenser, sort skinnjakke og hanekam med striper av gult og fiolett.

Sosiale medium

Sosiale medium kan vere både positivt og negativt. For mange blir det eit press for å vere perfekt. Andre legg ut ting utan filter. Bilde og videoar vi legg ut på sosiale medium, kan vere ganske forskjellige frå den vi eigentleg er.

På den måten er det ikkje så enkelt å finne identiteten sin. Kva betyr det å vere seg sjølv, og kor lett er det?

Ung influenser med rosa hår som viser frem en gullsko foran et kamera.
Ung influenser med rosa hår som viser frem en gullsko foran et kamera.

Kjelder:

  • Skirbekk, Sigurd; Tjora, Aksel: sosialisering i Store norske leksikon på snl.no.
    Henta 23. november 2021 frå https://snl.no/sosialisering

Bilde- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Getty Images
    4. Getty Images
    5. Getty Images
    6. Getty Images
    7. Getty Images