Er identitet noko som er medfødt?
Vår identitet seier noko om kven vi er. Alle er unike menneske, så identiteten vår er forskjellig. Kan vi forandre identiteten vår, eller er identiteten den same heile livet?
Kva er identitet?
Identitet er ikkje noko som er medfødt, men noko som utviklar seg over tid. Identitet er heller ikkje noko som er det same heile livet. Vi kan endre og justere identiteten vår.
Den personlege identiteten handlar om å vite kven vi er og korleis vi ønskjer å vere. Korleis vi ser på oss sjølve og korleis andre ser oss, kan vere ganske ulikt. Det viktige er at alle har sin eigen identitet. Vi er alle nemleg unike, og det betyr å ikkje vere lik alle andre.
En ung mann som ser mot oss med lue og ring i leppa.
Skolekorps i stor klynge med instrumentene hevet over hodet.
Undervisning i et klasserom der mange elever rekker opp hånda.
To tenåringsgutter plager en medelev ved en rekke med skap.
Rollebyte
Korleis ville du oppført deg viss du tok ei anna rolle?
- du kjem heim og oppfører deg som ein framand i ditt eige hus
- du blir plutseleg 80 år gammal
- du blir mamma eller pappa
- du skifter religion
- du blir statsminister i Noreg
- du skifter kjønn
Sorthvitt bilde av en far og ung sønn der sønnen er kledd som faren i dress og hatt.
En mann sitter med hodet bøyd i en fengselscelle.
Å bryte med normen
Viss ein bryt normer og tek avstand frå samfunnet og verdiane der, blir det kalla sosialt avvik. Det kan verke både positivt og negativt.
Negativt fordi det kan føre til kriminalitet (brot med lover og reglar) eller at ein blir stengd ute. Positivt fordi det å stille spørsmål ved etablert praksis kan føre til at samfunnet utviklar seg vidare.
En ung mann med sort hettegenser, sort skinnjakke og hanekam med striper av gult og fiolett.
Sosiale medium
Sosiale medium har på mange måtar gjort noko med folks identitet. For mange blir det eit press for å vere slik andre forventar, medan andre presenterer seg sjølve utan filter. Kven vi utgir oss for å vere på sosiale medium, kan vere ganske forskjellig frå den vi eigentleg er.
På den måten er det ikkje så enkelt å finne identiteten sin. Samfunnet, venner og familie har forventningar til kven du skal vere, og det er ikkje alltid det passar med din eiga meining om dette. Kva betyr det å vere seg sjølv, og kor lett er det?
Kjelder:
- identitet i Store norske leksikon på snl.no. Henta 23. november 2021 frå https://snl.no/identitet
- Skirbekk, Sigurd; Tjora, Aksel: sosialisering i Store norske leksikon på snl.no.
Henta 23. november 2021 frå https://snl.no/sosialisering
- naku.no (23.11.21): Identitet
https://naku.no/kunnskapsbanken/identitet
Bilde- og videorettar:
-
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-