Har vi slutta å utvikle oss?

Alle menneske som lever i dag, stammar frå ei kvinne som levde i Aust-Afrika for rundt 200 000 år sidan. Forskarane kallar henne Eva, og arvestoffet hennar finst framleis i cellene våre. På Evas tid var det få menneske, og berre etterkommarane hennar er igjen i dag. Litt etter litt har dei spreidd seg over heile kloden. Sjølv om vi altså har fordelt oss utover heile verda, er arvestoffet vårt overraskande likt. Det er ingen tydelege forskjellar mellom folk på ulike kontinent, eller mellom ulike etniske grupper. Det er faktisk større genetiske forskjellar mellom sjimpansar enn mellom menneske. Sidan vi er så like, undrar enkelte på om vi faktisk har slutta å utvikle oss.

Menneskets evolusjon med et menneske med smarttelefon
Menneskets evolusjon med et menneske med smarttelefon

Nokre eigenskapar vert favoriserte

For at det skal bli evolusjon,  må det bli fødde fleire individ enn dei som overlever. Individa må vere forskjellige, og forskjellane må vere arvelege. Dei arvelege eigenskapane vert overførte frå foreldre til barn. Nokre eigenskapar er betre tilpassa omgivnadene enn andre. Individ med slike eigenskapar har større sjansar til å vekse opp og få barn, og då går desse eigenskapane vidare til neste generasjon.

 

Prosessen av hvordan en solsikke blomstrer
Prosessen av hvordan en solsikke blomstrer

Ønsker du å lese hele artikkelen?

Ved å logge inn får du full tilgang til artikkelen, samt Lærerrommet med engasjerende læringsstier og oppgaver du kan bruke i undervisningen.

Logg inn med Feide

Ønsker du å prøve ut fullversjonen av Skolerom?
Kontakt oss her!