Etikk og moral

Kvar dag må vi ta mange val. Vi må bestemme oss for kva vi meiner er sant og usant, eller rett og gale.

For å ta slike val må vi ha nokre moralske rettesnorer for korleis vi bestemmer oss. Kvifor tar du dei vala du tar? Tenkjer du mest på deg sjølv eller andre når du tar desse vala?

Etikk, også kala moralfilosofi, er den delen av filosofien som ønskjer svar på spørsmål som «Kva er rett å gjere ?» og «Korleis bør ein oppføre seg?»

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Mange veivalg
Mange veivalg

Rett og gale

I ulike samfunn og kulturar er det ulike oppfatningar av kva som er rett og gale. Nokre stader er alkohol uakseptabelt. Andre stader er det reglar for kva ein kan ete. Muslimar kan ikkje ete svinekjøt, og i hinduismen et dei ikkje kukjøt.

Vi har også grupper utan religiøs tilknytning, som veganarar, som meiner at vi ikkje bør ete kjøt av ulike grunnar.

Nokre moralnormer er like over heile verda. Vi finn få stader der det er lov med tjuveri og drap. Men det er ikkje alltid enkelt å handle moralsk eller vite kva ein skal gjere.

Kva skal du gjere viss du må stele frå andre for å overleve sjølv?

Kva om du har valet om å redde deg sjølv eller familien, eller ei stor gruppe med ukjende? Kva ville du ha gjort?

Kan vi ha like reglar for absolutt alle? Må det som er rett for meg, også vere rett for deg?

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Mann holder skilt for rett og galt
Mann holder skilt for rett og galt

Ønsker du å lese hele artikkelen?

Ved å logge inn får du full tilgang til artikkelen, samt Lærerrommet med engasjerende læringsstier og oppgaver du kan bruke i undervisningen.

Logg inn med Feide

Ønsker du å prøve ut fullversjonen av Skolerom?
Kontakt oss her!