Etikk og moral

Kvar dag må vi ta mange val. Vi må bestemme oss for kva vi meiner er sant og usant, eller rett og gale.

For å ta slike val må vi ha noko vi kallar moralske rettesnorer. Det kan vere ditt eige samvit eller reglane som gjeld der du bur.

Etikk er å finne svar på spørsmål som:

  • Kva er godt?
  • Kva er det rette?
  • Korleis bør ein oppføre seg?
Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Mange veivalg
Mange veivalg

Rett og gale

I ulike samfunn er det ulike meiningar om kva som er rett og gale. Nokre stader er alkohol forbode. Andre stader er det lov. Når vi er ute og reiser, bør vi helst følgje dei reglane som gjeld der vi er.

I fleire religionar finst det reglar for kva som er lov eller ikkje lov til å ete. Muslimar kan ikkje ete svinekjøt, og i hinduismen kan ein ikkje ete kukjøt. Andre kan berre ete frukt og grønsaker og blir kalla veganarar.

Men det er ikkje alltid så lett å vite kva ein skal gjere. Kva skal du gjere viss du må stele frå andre for å overleve sjølv? Skal du redde deg sjølv før andre i ein katastrofe? Går familien framfor dei som er ukjende?

Kan dei same reglane gjelde for alle? Er det mogleg å få til?

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Mann holder skilt for rett og galt
Mann holder skilt for rett og galt

Ønsker du å lese hele artikkelen?

Ved å logge inn får du full tilgang til artikkelen, samt Lærerrommet med engasjerende læringsstier og oppgaver du kan bruke i undervisningen.

Logg inn med Feide

Ønsker du å prøve ut fullversjonen av Skolerom?
Kontakt oss her!