EU – Den europeiske unionen
Kvifor vart EU oppretta, og når skjedde det? Det starta som eit fredsprosjekt i Europa, men har møtt mange utfordringar.
Frå krig til fred
Etter første og andre verdskrigen låg Europa i ruinar etter mange år med konfliktar og krig.
I 1950 foreslo den franske utanriksministeren, Robert Schuman, å opprette noko som vart kalla Den europeiske kol- og stålunionen. Hensikta var å få landa til å samarbeide om handel og økonomi, framfor å gå til krig med kvarandre. Avtalen tredde i kraft i 1952, og var starten på det vi i dag kjenner som EU.
Dei første landa som var med i unionen var Tyskland, Frankrike, Italia, Belgia, Nederland og Luxembourg.
Kullfabrikker
Containerskip
Historia om EU
Utviding og funksjon
EU har vakse med fleire medlemsland dei siste tiåra. Unionen har stor påverknad på kvardagen vår. Mat, medisinar, tryggleik og forsking blir regulert av EU. Samtidig har EU strenge krav til kven som kan bli medlem. Eit av krava er at landet må vere demokratisk. Det må vere opne val, og folk må kunne bruke stemmeretten sin. Derfor vil mange påstå at EU har vore ein stor pådrivar av demokrati i Europa.
Sidan 2020 har EU bestått av 27 medlemsland.
EU
EU-parlamentet
Norge og EU flagg
Brexit ballonger
Myntstabel
Berlinmuren
EU og covid-19
EU har ikkje hatt det enkelt med finanskrise, Brexit og ein global pandemi. Under pandemien med covid-19 prøvde EU å hjelpe alle medlemslanda til å sikre seg vaksinar. Denne avtalen gjeld òg for Noreg.
Covidvaksine i EU
Vegen vidare
EU har godkjent prosjektet “Green Deal” for å komme ut av krisa etter pandemien. Avtalen har som mål å gjere EU meir berekraftig og miljøvennleg.
I Noreg er EU-debatten sett på vent, men i framtida vil det nok bli nye folkeavstemmingar om ja eller nei til EU.
Green Deal
Kjelder:
- NRK.no (03.11.2021): EU får Nobels fredspris. https://www.nrk.no/nobel/eu-far-nobels-fredspris-1.8355716
- Trondal, Jarle: EU i Store norske leksikon på snl.no.
Henta 3. november 2021 frå https://snl.no/EU_-_Den_europeiske_union
- Claes, Dag Harald; Hveem, Helge; Tranøy, Bent Sofus:
Global økonomi, krise og politisk styring (2012)
Oslo. Universitetsforlaget.