Fagforeiningar –
arbeidarane sine støttespelarar

Noreg blir ansett som eit av verdas beste land å bu i, mykje takka vere fagforeiningane. Men kva er ei fagforeining, og kva jobbar dei med?

Arbeidsgiver med grå dress og arbeidstaker i gul vest gir hverandre et håndtrykk.
Arbeidsgiver med grå dress og arbeidstaker i gul vest gir hverandre et håndtrykk.

Kva er ei fagforeining?

I Noreg er over halvparten av alle yrkesaktive organiserte i ei fagforeining. Ei fagforeining har som hovudjobb å sørgje for at ønska  og interessene til medlemmane overfor arbeidsgivarane blir høyrde.

Demokratiske organisasjonar

Fagforeiningane er demokratiske organisasjonar kor det er medlemmane som vel kven som skal leie organisasjonen. Dersom fleire fagforeiningar går saman, blir dette kalla  eit fagforbund. Vi har fire store fagforbund i Noreg.

Lønn og arbeidstid

Ofte er det lønn og arbeidstid som får mest merksemd i forhandlingane og i pressa, fordi det blir brukt som utgangspunkt når resten av næringslivet skal forhandle.

Oppseiingsvern

Tidlegare i Noreg kunne arbeidsgivarar seie opp tilsette når dei sjølve ønskte det. I dag har vi lover mot dette i Noreg, men slik er det ikkje overalt. Det å få hjelp til å forsvare seg mot usaklege og vilkårlege oppseiingar er viktig. Vi kallar dette oppseiingsvern.

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt
Illustrasjon av en mann med dokumentmappe og briller som blir knipset bort av en stor sort hånd.
Illustrasjon av en mann med dokumentmappe og briller som blir knipset bort av en stor sort hånd.

Lønn til å leve av

Fagforeiningar etablerte seg samtidig med industrialiseringa i Noreg. Arbeidarar kravde ei anstendig lønn, reglar for arbeidstider og rettar. I 1899 vart Arbeidernes faglege landsorganisasjon, seinare kalla Landsorganisasjonen i Noreg (LO), stifta. Sidan har det vorte stifta fagforeiningar for dei fleste yrkesgrupper i Noreg.

Kvinner jobber på fabrikk
Kvinner jobber på fabrikk

Politikarane må ta gode val

I demokratiske land jobbar mange fagforeiningar med å påverke staten. Både om korleis lovene i arbeidslivet blir utforma, og om korleis den økonomiske politikken i landet blir praktisert. Ei fagforeining legg press på dei ulike politikarane, men skal helst ikkje knyte seg direkte til eit politisk parti.

Stortinget
Stortinget

Hovudorganisasjon og fagforeiningar

Vi må skilje mellom hovudorganisasjonar og fagforeiningar. Ein hovudorganisasjon jobbar for fleire fagforeiningar som er etablerte i fagforbund. Vi kallar det òg ei hovudsamanslutning.

📷   LO-bygget i Oslo. Foto: Hanna Alice Johnsen/LO

Hovudorganisasjonar

I Noreg har vi fire hovudorganisasjonar på arbeidstakarsida. Tala er frå 2022.

LO (Landsorganisasjonen i Noreg)

Noregs største hovudorganisasjon med 25 fagforbund og 970 000 medlemmar.

YS (YrkesorganisasjonAnes Sentralforbund)

Organisasjonen består av 12 fagforbund og har 229 000 medlemmar.

Unio (Hovudorganisasjon for universitets- og høgskuleutdanNA)

Unio består av 14 fagforbund og 389 000 medlemmar.

Akademikarane

Organisasjonen har 245 000 medlemmar frå fagforbund frå høgare utdanning.

Fagforeiningar

Ulike yrkesgrupper tilhøyrer ulike fagforeiningar og fagforbund. Døme på slike fagforbund kan vere:

  • Utdanningsforbundet for mellom anna lærarar
  • Sjukepleiarforbundet for sjukepleiarar
  • Tømrar og Byggfagforeininga for tømrarar og snikkarar
  • Yrkestrafikkforbundet for yrkessjåførar
  • Norsk journalistlag for mellom anna journalistar
  • TEKNA for ingeniørar og teknologar
Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
LO-bygget i Oslo sette fra utsiden med logoen til LO stående ut fra veggen.
LO-bygget i Oslo sette fra utsiden med logoen til LO stående ut fra veggen.

Tariffavtale

Dei fleste arbeidsplassar har det vi kallar tariffavtalar. Dette er ein avtale mellom ei fagforeining og ein arbeidsplass. Avtalen bestemmer mellom anna kva slags lønn du har krav på, og kor lang arbeidstid du har. Det er representantar frå hovudorganisasjonane, på både arbeidsgivar- og arbeidstakarsidene, som forhandlar om tariffoppgjeret.

To personer skriver under på en kontrakt.
To personer skriver under på en kontrakt.

Hovudoppgjer og mellomoppgjer

I offentleg sektor foregår lønnsforhandlingar anna kvart år. I dette hovudoppgjeret blir det òg forhandla om andre avgjerder i tariffavtalane – mellom anna arbeidstid, ferie og overtidsbetaling. Det er vanleg at tariffavtalane har to års varigheit. Mellom kvart hovudoppgjer  blir det berre forhandla om lønnstillegg. Dette blir kalla eit «mellomoppgjer».

Konkurranse om dei same varene

Noreg kjøper veldig mykje frå utlandet. Ofte er desse varene billigare enn dei som blir produserte i Noreg, og vi er i ein internasjonal konkurranse om å selje same typen varer. Dette betyr at vi må tenkje på kva slags lønningar vi skal ha i Noreg for å kunne vere konkurransedyktige internasjonalt.

Konkurranseutsett industri

I Noreg er det vanleg at konkurranseutsett industri, eller frontfaget, er dei som forhandlar først. Desse forhandlingane styrer korleis resten av hovudoppgjeret blir.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Lastebil, tog, fly og containerskip som illustrerer hvordan handelsvarer transporteres i verden.
Lastebil, tog, fly og containerskip som illustrerer hvordan handelsvarer transporteres i verden.

Streik

Eit av dei sterkaste verkemidla ei fagforeining kan bruke, viss dei meiner forhandlingane ikkje kjem i mål, er å streike. Då kan delar av Noreg stoppe heilt opp.

Streikende på en fabrikk ser opp på sjefene som står i en trapp over dem.
Streikende på en fabrikk ser opp på sjefene som står i en trapp over dem.

Mange konkursar

Dersom ei bedrift ikkje maktar ein lønnsauke som er sett av hovudorganisasjonane, så kan bedrifta slå seg konkurs. Kvart år blir det lagt ned mange bedrifter som ikkje er lønnsame og berekraftige.

Bedrifter som oppfyller berekraftsmåla til FN, kan få økonomisk støtte frå Innovasjon Noreg, for å klare seg i møte med nasjonal eller utanlandsk konkurranse.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Forretningsmann river seg i håret foran en rød kurve som først peker opp, for deretter å peke rett ned.
Forretningsmann river seg i håret foran en rød kurve som først peker opp, for deretter å peke rett ned.

Kven bestemmer lønna di?

I mange land blir lønna bestemt av selskapet du jobbar for, men i Noreg er det som regel  dei ulike tariffavtalane til fagforeiningane som ligg til grunn for lønnsforhandlingar mellom arbeidsgivar og arbeidstakar. Du må ikkje vere fagorganisert for å få tarifflønn. I Noreg er nemleg arbeidsgivar forplikta til å følgje tariffavtalane, òg overfor dei tilsette som er uorganiserte.

Overleve på éin fulltidsjobb

I utlandet kan du sjå yrke vi ikkje har i Noreg. I Noreg har vi til dømes  ingen tilsette som berre fyller posar for kundar i matvarebutikkar. Vi har heller ingen vakter på offentlege toalett. I Noreg blir slike jobbar for dyre til at det lønner seg å tilsetje nokon til å gjere jobben.

Om ein ser på det generelle lønnsnivået i Noreg, skal ein kunne leve greit på éin fulltidsjobb. I andre land må ein kanskje ha fleire jobber for å overleve. Enkelte har det framleis slik i Noreg, men det er ikkje mange, samanlikna med mange andre stader.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Norske pengesedler stikker opp fra en sort lommebok i skinn.
Norske pengesedler stikker opp fra en sort lommebok i skinn.

Gir utdanning automatisk jobb?

At lønningane er såpass høge, og at mange jobbar krev forkunnskapar, fører til høgare krav til utdanning og erfaring i samfunnet vårt, samanlikna med mange andre land. På kva for måte trur du utdanning kjem til å bli viktigare for å få seg ein jobb i Noreg i framtida?

Bør du organisere deg?

Framleis skjer det brot på norsk arbeidsmiljølov. Derfor er det viktig å ha nokon som kan kjempe for rettane dine. Eit fagforbund står sterkare med mange medlemmer. Mange unge synest det er dyrt å vere fagorganisert og tenkjer at det ikkje betyr noko for dei.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Ung student studerer noe i et mikroskop.
Ung student studerer noe i et mikroskop.

Brot på arbeidsmiljølova

Unge er spesielt utsette for brot på arbeidsmiljølova. Har du ei skriftleg arbeidskontrakt? Får du den lønna de har avtalt? Blir tryggleiken din ivaretatt? Opplever du at sjefen er ufin mot deg? Oppstår slike situasjonar, er det  viktig å ha nokon som kan hjelpe deg.

Sommarpatrulje

 Sommarpatruljen til LO  besøkte i 2021 over 5000 arbeidsplassar. Dei opplevde at 58 prosent av unge sommarvikarer under 18 år vart utsette for brot på arbeidsmiljølova. Kvar sjette sommarvikar under 18 år hadde ikkje fått skriftleg arbeidskontrakt, og ein av 10 opplevde ulovleg overvaking på jobben.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Ung jente jobber i en kaffebar.
Ung jente jobber i en kaffebar.

Medlemsfordelar

Om du melder deg inn i ei fagforeining, kan du i tillegg til trygge lønns- og arbeidsvilkår, få ei rekkje medlemsfordelar. Døme på dette kan vere billigare forsikring, stipendordningar for utdanning, rimelegare lån, kurs, fagblad og tilbod på underhaldningsparkar, festivalar, hotell, leigebil, reiser og liknande.

Stående publikum foran en musikkscene med mange lyskastere.
Stående publikum foran en musikkscene med mange lyskastere.

Kvifor er nokon skeptiske?

Sjølv om stadig fleire blir positive til fagforeiningar i Noreg, er det faktisk færre som organiserer seg. Mange meiner at dei vil oppnå det same lønnsnivået utan fagforeiningar. Nokre meiner at foreiningane ikkje ivaretar interessane deira godt nok, eller dei kan vere prinsipielt mot fagforeiningar. Det blir òg peikt på at det er for dyrt å vere organisert.

Studiobilde av en skeptisk mann.
Studiobilde av en skeptisk mann.

Treng vi fagforeiningane?

Arbeidslivet i Noreg ville sett ganske annleis ut utan fagforeiningane. Takka vere fagforeiningane har vi høgare lønn, meir fritid, gode arbeidsforhold, eit trygt arbeidsmiljø og generelt eit økonomisk rikare samfunn, samanlikna med mange andre land. Fagforeiningane er derfor gode hjelparar og støttespelarar som skal passe på at arbeidsfolk blir behandla med rettferd.

En gruppe mennesker hjelper hverandre opp på en fjelltopp.
En gruppe mennesker hjelper hverandre opp på en fjelltopp.

Kjelder:

  • Gisle, Jon; Stokke, Torgeir Aarvaag; Thingsaker, Bjørn: fagforening i Store norske leksikon på snl.no. Henta 13. juni 2022 frå https://snl.no/fagforening

Bilde- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Getty Images
    4. Getty Images
    5. Foto: Hanna Alice Johnsen / LO
    6. Getty Images
    7. Getty Images
    8. Getty Images
    9. Getty Images
    10. Getty Images
    11. Getty Images
    12. Getty Images – YuoTube
    13. Getty Images
    14. Getty Images