Falsk lykke

Rusmiddel påverkar det området i hjernen som vi kallar påskjønningsenteret. Ulike rusmiddel kan derfor gi ei uvilkårleg kjensle av å vere avslappa, glad eller lykkeleg. Kva effekt det har, avheng av rusmiddelet. Nettopp dette – eit håp om eit lykkevindauge, ein pause frå alt slit og strev, eller eit ønske om å kjenne likesæle – kan vere forlokkande for enkelte unge som er nysgjerrige på rusmiddel. Men finst verkeleg lykka i botnen av ei flaske, i enden av ein joint eller gøymt i kvitt pulver? Sjølvsagt ikkje! I denne teksten skal vi sjå nærare på kvifor.

Kvifor er det farleg?

Først og fremst er det farar knytte til bruk av rusmiddel. Kva slags farar, og kor alvorlege desse farane er, avheng av rusmiddelet. Nokre skader kroppen vår fysisk, medan andre påverkar oss psykisk. 

I tillegg til at sjølve rusmiddelet kan vere skadeleg, kan verknaden av dei skade oss. Ein er meir utsett for ulykker, vald og seksuelle overgrep når ein er rusa. Det er også større risiko for at ein utset andre for vald eller overgrep. Nedsett dømmekraft og dårlegare sjølvinnsikt gjer at ein kan ta dårlege val, som ein må leve med lenge etter at rusen er over.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Ulovleg

Om ein kjøper alkohol før ein er 18 år eller gir alkohol til nokon under 18 år, bryt ein lova. Denne aldersgrensa er sett for å verne unge mot dei uheldige eller skadelege konsekvensane alkohol kan ha for den enkelte og for samfunnet samla sett.

Når det gjeld ulovlege rusmiddel, som kokain, cannabis, MDMA, GHB, eller amfetamin, er dette ulovleg å lage, smugle, kjøpe, selje, oppbevare, ha på seg eller bruke. Å bryte desse lovene kan føre til straff, bøter eller andre reaksjonar.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Russisk rulett

Når det gjeld ulovlege rusmiddel, er produksjon, transport og kjøp og sal av dette naturleg nok ikkje kontrollert av styresmaktene. Alt dette går føre seg i kriminelle miljø, som ikkje har folk sitt ve og vel i tankane. Det vil seie at ein ikkje veit kva ein eigentleg får i seg dersom ein prøver dette.

I mange ulovlege rusmiddel blir det blanda inn andre stoff, anten andre rusmiddel eller fyllstoffDet er også stor forskjell på kor sterke rusmidla er, altså kor stor del verkestoff det er i dei. Dei som sel ulovlege rusmiddel, har ikkje kontroll over innhaldet.

Samla vil dette seie at ein aldri kan vite heilt sikkert kva verknad eit ulovleg rusmiddel vil ha, sjølv om ein har prøvd det tidlegare. Ein kan altså ikkje vite om ein blir alvorleg skadd av stoffet, om ein står i fare for å ta ein overdose, eller korleis ein vil bli påverka av stoffet. Det er som russisk rulett.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt

Toleranse og avhengnad

Dersom ein bruker rusmiddel ofte, kan ein utvikle toleranse, ein toler altså meir og meir.  Korleis dette utartar seg, vil avhenge av typen rusmiddel. Verknaden av stoffet kan til dømes bli mindre, slik at ein må ta større dosar. Ting som vanlegvis gjer deg glad, kan miste denne effekten, slik at du føler at du treng rusmiddel for å ha det bra. Då er vegen til avhengnad veldig kort.

Kokain

Langtidseffekten av kokain, eit ulovleg rusmiddel som nokon knyter til å kjenne seg som konge på haugen, kan gjere akkurat det motsette med deg. Regelmessig bruk av kokain kan bidra til at hjernen produser mindre naturlege stoff som gir ei kjensle av påskjønning. Viss ein sluttar, vil produksjonen mest sannsynleg kunne takast opp att etter kvart, men mange får varige depresjonar. Dei kjenner seg nedstemte heile tida, utviklar angst og blir mistruiske eller opplever uro og søvnløyse. Det er ikkje mykje lykke å spore i kokain, med andre ord.

Ekte lykke

Det kan vere freistande å tenkje seg at lykke kan kjøpast, men vi veit jo eigentleg at dette ikkje stemmer. Det stemmer verkeleg ikkje, om ein trur ein kan kjøpe lykke på flaske eller blanda i eit narkotisk stoff. Verken skadar, straff, overdosar eller depresjonar er noko vi knyter til lykkekjensle. Le heller godt, vêr saman med nokon du er glad i, gle ein annan, spring ein tur eller set på favorittlåta di – der finn du EKTE kvardagslykke!

Kjelder:

Bilde- og videorettar:

    1. Midjournay
    2. Midjournay
    3. Midjournay
    4. Midjournay
    5. Midjournay
    6. Midjournay
    7. Midjournay