Falske pokémon-kort

Pokémon-kort kom til verda for over 20 år sidan, men det har blitt produsert nye sett med kort fram til i dag. I dag er dei kanskje meir populære enn nokon gong, for no skal både barn og vaksne samla. Dei vaksne gjer det ikkje berre på grunn av nostalgien – ein kan òg tena pengar på kjøp og sal av pokémon-kort. Dessverre finst det altfor mange falske kort rundt om. Dei skal vi læra litt om no.

Falske pokémon-kort

Sjekk tekst og farge

Å oppdaga falske kort er ikkje alltid lett. I alle fall viss ein ikkje veit heilt kva ein skal sjå etter. Begynn med å sjå nærare på teksten og fargen på kortet. Samanlikn kortet med andre kort frå same sett. Viss du ikkje har nokon, kan du søka etter kortet på internett.

På biletet ser du eit ekte og eit falskt kort. Det som skil dei er fargen, men òg skrifttypane. Dette er veldig typisk for falske kort. I tillegg er det ulikt innhald i tekstane. Versjonen til høgre er ekte – viss du lurte.

Jolteon-kort
Bakgrunn av pokémon-kort
Bakgrunn av pokémon-kort

Sjekk HP-en til pokémonen

Pokémon-kort er ikkje berre til å samla på – dei er òg eit spel. I spelet lønner det seg å ha gode pokémon med gode trekk og sjølvsagt høg HP. HP er livet til pokémonen. På grunn av dette ser ein ofte veldig høg HP på falske kort. Det ekte kortet som har høgast HP i 2020, er Snorlax VMAX. Det har 340 HP. Alt over 340 vil derfor vera falskt.

Teddiursa og Keldeo
Bakgrunn av pokémon-kort
Bakgrunn av pokémon-kort

Sjekk baksida av kortet

På baksida er det ofte lett å oppdaga falske kort. Fargen bak er veldig ofte lysare blå enn på dei ekte baksidene. I tillegg er det mange baksider som manglar detaljar og fargenyansar. Ofte ser det ut som om baksida har litt for låg oppløysing.

Til venstre ser du eit ekte og eit falskt kort. Det lysaste av dei er falskt.

Baksiden av pokémon-kort
Bakgrunn av pokémon-kort
Bakgrunn av pokémon-kort

Sjekk om informasjonen er rett

Nokre falske kort kan sjå veldig fine ut, med fine bilete, fargar og tekstar. Men så hender det at det skurrar litt likevel … Berre sjå på desse korta. Begge er falske. Klarer du å sjå kvifor?

Det er slett ikkje Clefable og Combusken som det er bilete av på korta, det er derimot Whimsicott og Charmeleon.

Clefable og Combusken
Bakgrunn av pokémon-kort
Bakgrunn av pokémon-kort

Kjenn på korta dine

Dei korta som er mest populære, er òg dei det lønner seg mest å laga for dei som driv med dette. Derfor ser vi ofte dårlege forsøk på såkalla Full Art-kort. Eit Full Art-kort har ein overflatestruktur som dei falske korta har vanskar med å etterlikna. Viss du ser nærare på det høgre kortet, ser du tynne strekar eller rillar over heile kortet. Opn biletet i ny fane for å sjå det større. Desse kan du også kjenna med fingrane. Viss rillane manglar på eit Full Art-kort, er det falskt.

Dragonite pokémon-kort
Bakgrunn av pokémon-kort
Bakgrunn av pokémon-kort

Har kortet rett storleik?

Det er ikkje så lett å sjå, men falske kort er ofte litt mindre enn ekte kort. Viss du legg korta inntil kvarandre, vil du kanskje oppdaga at eitt eller fleire kort er litt mindre. Då er nok desse falske.

Den falske Blastoisen heilt til venstre har òg ein kvitfarge rundt namnet sitt, ein tjukkare tekst på HP og feil symbol nede til høgre. Det er som regel fleire ting som er feil på falske kort.

Blastoise pokémon-kort
Bakgrunn av pokémon-kort
Bakgrunn av pokémon-kort
Bakgrunn av pokémon-kort
Bakgrunn av pokémon-kort