Falske pokémon-kort

Pokémon-kort kom til verda for over 20 år sidan, men det har blitt produsert nye sett med kort fram til i dag. I dag er dei kanskje meir populære enn nokon gong, for no skal både barn og vaksne samla. Dei vaksne gjer det ikkje berre på grunn av nostalgien – ein kan òg tena pengar på kjøp og sal av pokémon-kort. Dessverre finst det altfor mange falske kort rundt om. Dei skal vi læra litt om no.

Falske pokémon-kort

Sjekk tekst og farge

Å oppdaga falske kort er ikkje alltid lett. I alle fall viss ein ikkje veit heilt kva ein skal sjå etter. Begynn med å sjå nærare på teksten og fargen på kortet. Samanlikn kortet med andre kort frå same sett. Viss du ikkje har nokon, kan du søka etter kortet på internett.

På biletet ser du eit ekte og eit falskt kort. Det som skil dei er fargen, men òg skrifttypane. Dette er veldig typisk for falske kort. I tillegg er det ulikt innhald i tekstane. Versjonen til høgre er ekte – viss du lurte.

Jolteon-kort
Bakgrunn av pokémon-kort
Bakgrunn av pokémon-kort

Ønsker du å lese hele artikkelen?

Ved å logge inn får du full tilgang til artikkelen, samt Lærerrommet med engasjerende læringsstier og oppgaver du kan bruke i undervisningen.

Logg inn med Feide

Ønsker du å prøve ut fullversjonen av Skolerom?
Kontakt oss her!