Fattige land

Dei fleste fattige i verda bur i Asia og Afrika. Rundt éin milliard menneske lever i ekstrem fattigdom, for dei har mindre enn sju kroner om dagen å leve for. Nokre av dei aller fattigaste landa i verda er: Afghanistan, Bangladesh, Eritrea, Haiti, Nepal og Somalia.

📷  Kabul – hovudstaden i Afghanistan.

Dei fattige landa kallar vi utviklingsland. Det betyr at dei har lite industri og fabrikkar og produserer få varer. Det betyr òg at mange ikkje går på skule, og at dei lever kortare enn i andre land. Nesten tre av fire menneske i verda lever i eit utviklingsland.

Ikkje alle utviklingsland er like fattige, og det kan vere store forskjellar i eit land. India er både rikt og fattig på same tid. Mange har blitt rike på grunn av industri, men India er òg det landet i verda med flest fattige.

I fattige land er det ofte få rike og mange fattige. Det er ofte på grunn av krig at fattige ikkje kan gå på skule og ikkje har det dei treng. Det er ikkje lett for fattige å komme ut av fattigdommen, for samfunnet har ikkje noko system for å hjelpe dei. Dei må stort sett klare seg sjølve eller motta humanitær hjelp frå andre land.

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt
Kabul i Afghanistan sett fra avstand.
Kabul i Afghanistan sett fra avstand.

Rike land

Landa sine bruttonasjonalprodukt (BNP) måler rikdommen i verda. Dette er marknadsverdien på alle varer og tenester produserte i eit land i løpet av eit år. Når ein deler BNP på talet på menneske i landet, får ein gjennomsnittet til kvar enkelt innbyggjar.

Fleirtalet i dei rike landa har nok mat, utdanning og moglegheit for jobb. Dei har òg tilbod om helseteneste og økonomisk hjelp ved arbeidsløyse. Men det er stor fattigdom i rike land òg. Skiljet mellom dei rikaste og fattigaste er ekstremt stort, men moglegheita til å komme ut av fattigdommen er større i eit rikt land.

Dei fem rikaste landa i 2020

Talet i parentes viser BNP per innbyggjar i US dollar.

  1. Luxemburg (114 000 dollar)

2. Sveits (82 000 dollar)

3. Noreg (81 000 dollar)

4. Irland (78 000 dollar)

5. Island (73 000 dollar)

📷  Julemarknad i Luxemburg.
Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Kveld i Luxemborg der vi ser en festning og et pariserhjul.
Kveld i Luxemborg der vi ser en festning og et pariserhjul.

Ønsker du å lese hele artikkelen?

Ved å logge inn får du full tilgang til artikkelen, samt Lærerrommet med engasjerende læringsstier og oppgaver du kan bruke i undervisningen.

Logg inn med Feide

Ønsker du å prøve ut fullversjonen av Skolerom?
Kontakt oss her!