Fest og feiringar året rundt!

Vi menneske har behov for å markere høgtider og arrangere fest for å feire dei mange fasane til livet. Over heile verda blir det feira og festa, og det er heilt ulike tradisjonar i dei ulike landa. Det er store forskjellar berre her i Norden. Kvar månad har sine markeringar og feiringar ein eller annan stad i verda. Lat oss bli litt kjende med noko av det som skjer i januar, februar og mars.

📷  Nyttårsrakettar over den forbodne by i Kina.
Nyttårsaften med fyrverkeri over den forbudte by i Kina.
Nyttårsaften med fyrverkeri over den forbudte by i Kina.
Januar med hvit skrift på sort bakgrunn.
Januar med hvit skrift på sort bakgrunn.

Kinesisk nyttår

Kinesisk nyttår pleier å vere i januar eller februar. For kinesarane er nyttår årets viktigaste feiring. Skulane har fri to veker medan feiringa går føre seg.

Eige dyreteikn

Kinesarane markerer kvart nye år med eit eige dyreteikn. Dyret fortel noko om dei barna som blir fødde det året. Barn fødde i 2023 får haren som dyreteiknet sitt. Før feiringa blir det seld alt mogleg med dette dyreteiknet på.

📷  I 2022 var det tigerens år.

Stor familiefest

Det er viktig å samle familien til nyttårsfeiringa. Barna får raude konvoluttar med pengar. Det skal bringe lykke. Dei trur òg at talet 8 gir lykke. Derfor et mange åtte rettar til middag. Gatene blir fylte med musikk og masse ulike figurar.

Lunar New Year

I Asia er feiringa av nyttår stort. Land som Japan, Vietnam, Tibet og Sør-Korea feirar Lunar New Year. Kinesisk nyttår er ein del av det.

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt
Illustrasjon i tigerens år i Kina i gull på rød bakgrunn.
Illustrasjon i tigerens år i Kina i gull på rød bakgrunn.

Nyttårsrakettar

Himmelen blir fylt med fargerikt fyrverkeri for å feire det nye året. Ingen sender opp meir fyrverkeri enn kinesarane. Rakettane skal skremme vekk vonde ånder.

Lanternefestivalen i Taiwan

I Taiwan brukar dei ein kalender som har 354 dagar. I delen vår av verda har året 365 dagar. I årets første månad har Taiwan ei stor feiring. Dei kallar feiringa for lanternefestivalen.

Gammal tradisjon

På lanternefestivalen blir tusenvis av lysande lykter sende opp mot himmelen. På kvar lykt har folk skrive ønska sine. Når lyktene svevar oppover, viser det at landsbyen er trygg. Dette er ein gammal tradisjon.

Lanternene flyg

Tenk deg det synet! Tusenvis av lanterner i lufta samtidig. Det er nesten magisk. Lanternene er laga av papir. Brannmenn står derfor klare til å sløkkje små og store brannar.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Februar i hvit skrift på sort bakgrunn.
Februar i hvit skrift på sort bakgrunn.

Valentinsdagen

Har du vore forelska ein gong? Kanskje òg hemmeleg forelska? Eller har du kjærast? Då kan du feire kjærleiken den 14. februar – Valentinsdagen. På denne dagen kan du òg gjere noko hyggeleg for venner.

Blir feira i mange land

Valentinsdagen blir feira over heile verda, men kanskje aller mest i Frankrike og USA. På denne dagen er det mange som gir kvarandre kort, sjokolade og roser.

Populær bryllaupsdag

Det er populært å gifte seg på valentinsdagen på Filipinane.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Mann står foran en sittende kvinne og han holder røde roser bak på ryggen.
Mann står foran en sittende kvinne og han holder røde roser bak på ryggen.

Dragobete

I Romania blir våren feira med ein kjærleiksdag den 24. februar. Dagen blir kalla Dragobete. Det blir sagt at dei som feirar dagen, er friske det året.

Gutar og jenter plukkar vårblomstrar saman. Midt på dagen spring jenter gjennom landsbyen. Forelska gutar skal springe etter. Den raskaste vinn. Men tenk deg så flautt då viss jenta seier nei! Og det framfor heile landsbyen!

Twitter-faksimile av merkedagen dragobete

Mardi Gras

Har du høyrt om feiringa Mardi Gras? Ordet er fransk og betyr feitetysdag. Den tysdagen kan ein ete masse mat. Mange feirar òg med å kle seg ut med masker. Frå dagen etter er det ikkje lov til å ete kjøt fram til påske. Vi kallar det faste, og ho varer i 40 dagar.

Karneval

Mange turistar besøkjer New Orleans for å sjå på  Mardi Gras-feiringa deira. I 14 dagar kler ein seg ut og feirar døgnet rundt. Det er fargar overalt. Du kan òg sjå pynta vogner i gatene. Mardi Gras blir òg feira i Brasil. I Rio de Janeiro har dei ei stor karnevalsfeiring.

Vi feirar feitetysdag i Noreg òg.  Feitetysdag er dagen for fasta tek til. Vi kallar det fastelavn.  Vi  feirar som regel fastelavn på søndagen før feitetysdag. Mange barn feirar fastelavn med karneval og fastelavnsbollar.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Fargerike masker til karneval.
Fargerike masker til karneval.

Kalevaladagen

Den 28. februar der det  feiring av Kalevaladagen i Finland med fest og god mat. Kalevala er eit dikt om store finske heltar. Diktet vart ikkje skrive ned før på 1800-talet. Då samla  Elias Lönnrot inn mange forteljingar frå heile lande og skreiv dei ned i 50 vers.

Kalevala er viktig for finsk språk og kultur. Det vart spesielt viktig etter at Finland vart ein sjølvstendig nasjon i 1917.

📷  Måleri av Elias Lönnrot. Kunstnar: Bernhard Reinhold.  
Maleri av Elias Lönnrot.

Hinamatsuri

Jenter blir stort feira med eigen dag i Japan. 3. mars feirar dei Hinamatsuri for helsa og lykka til jenter. Det viktigaste er å ta fram Hina-dokker jentene fekk då dei vart fødde.

Kledd i tradisjonelle klesdrakter

Hina-dokkene er kledde i typiske japanske klede frå riktig gamle dagar. Dukkene står i ei trapp som er kledd med raudt stoff. Det betyr lykke. Keisaren og keiserinna står øvst. På trinna under kjem mellom anna hoffdamer og krigarar.

Dokkene må bli pakka ned i tide

Dokkene må bli pakka ned i tide. Dei kan berre stå framme frå slutten av februar til 3. mars. Viss ikkje,  kan det bli vanskeleg å gifte bort jentene. Somme sender dokkene ned ei elv. Dei trur at dokkene tek sjukdom og vonde ånder med seg nedover elva.

Pyntar med ferskenblomstrar

Dei vanlegaste fargane for feiringa er rosa, kvitt og grønt. Det blir pynta med blomstrar frå ferskentreet. Det blir servert riskaker og puffa ris med masse fargar.

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt
Japansk jente dekorerer rommet sitt med hinadukker.
Japansk jente dekorerer rommet sitt med hinadukker.

Holi

Vårfesten til hinduane  8. mars heiter Holi. Fargefesten og kjærleiksfesten er andre namn på feiringa. Kvelden før samlar folk seg rundt eit bål for å jage bort vonde ting.

Leikar med fargar

På sjølve dagen 8. mars blir det leika med fargar. Hinduane trur gudane gir fargar til blomstrane om våren. Derfor kastar alle fargepulver på kvarandre. Alle er like mykje verdt denne dagen.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Ung jente feirer Holif
Ung jente feirer Holif

St. Patricks dag

Saint Patrick kom med kristendommen til Irland. Då han levde, vart det bygd kyrkjer, kloster og skular. Han har derfor vorte skytsengelen deira.

St. Patricks dag blir feira på nasjonaldagen 17. mars. På 1800-talet flytta mange irar til USA og tok med seg tradisjonen dit.

Vanleg å kle seg i grønt

På St. Patricks dag kler folk seg i grønt og går i tog. Den grøne fargen kjem av at Irland er ei grøn og frodig øy. Mange pyntar seg med hattar og ein trekløver. Saint Patrick brukte trekløver for å forklare at Gud er tre personar – Gud, Jesus og Den heilage ande. Feiringa er størst i Irland og USA. Då blir det ete mykje irsk mat og  drukke mykje øl.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
To menn med høye grønne hatter står og ser på en parade på Manhatten.
To menn med høye grønne hatter står og ser på en parade på Manhatten.

Ramadan

I år 610 fekk Muhammed beskjed frå Gud om å dele Guds lære med alle han møtte. Muhammed fekk beskjeden i den månaden som blir kalla ramadan. Alle muslimar må følgje reglane for ramadan.

Skal ikkje ete og drikke

Under ramadan har ein ikkje lov til å ete eller drikke medan sola er oppe. Det  blir kalla å faste. Muslimane meiner at kroppen har godt av dette. Ein treng å kjenne på svolt, for då kan ein lettare forstå korleis det er å vere fattig. Barn og gravide skal ikkje faste.

Id-festen

Når fasta er over, blir den store id-festen arrangert.  Først blir alle samla til bøn. Så blir det ete god mat og søtsaker. Alle gir og får gåver.

Datoen er ulik frå år til år

Muslimane følgjer månekalenderen. Den har 354 dagar. Ramadan blir feira i den niande månaden i måneåret. I dei neste åra blir ramadan feira i mars.

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt
En muslimsk familie på fire personer sitter rundt et bord og spiser et festmåltid under id-festen.
En muslimsk familie på fire personer sitter rundt et bord og spiser et festmåltid under id-festen.

Kjelder:

  • Vogt, Kari: ramadan i Store norske leksikon på snl.no. Henta 13. desember 2022 frå http://snl.no/ramadan

Bilde- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Skolerom
    3. Getty Images
    4. Getty Images
    5. Getty Images
    6. Skolerom
    7. Getty Images
    8. @ChristiMilla1 – Twitter
    9. Getty Images
    10. Bernhard Reinhold/Public Domain
    11. Skolerom
    12. Getty Images
    13. Getty Images
    14. Getty Images
    15. Getty Images