Fest og feiringar året rundt!
Vi menneske har behov for å markere høgtider og arrangere fest for å feire dei mange fasane til livet. Over heile verda blir det feira og festa, og det er heilt ulike tradisjonar i dei ulike landa. Det er store forskjellar berre her i Norden. Kvar månad har sine markeringar og feiringar ein eller annan stad i verda. Lat oss bli litt kjende med noko av det som skjer i januar, februar og mars.
📷 Nyttårsrakettar over den forbodne by i Kina.
Nyttårsaften med fyrverkeri over den forbudte by i Kina.
Januar med hvit skrift på sort bakgrunn.
Illustrasjon i tigerens år i Kina i gull på rød bakgrunn.
Nyttårsrakettar
Himmelen blir fylt med fargerikt fyrverkeri for å feire det nye året. Ingen sender opp meir fyrverkeri enn kinesarane. Rakettane skal skremme vekk vonde ånder.
Februar i hvit skrift på sort bakgrunn.
Mann står foran en sittende kvinne og han holder røde roser bak på ryggen.
Dragobete
I Romania blir våren feira med ein kjærleiksdag den 24. februar. Dagen blir kalla Dragobete. Det blir sagt at dei som feirar dagen, er friske det året.
Gutar og jenter plukkar vårblomstrar saman. Midt på dagen spring jenter gjennom landsbyen. Forelska gutar skal springe etter. Den raskaste vinn. Men tenk deg så flautt då viss jenta seier nei! Og det framfor heile landsbyen!
Fargerike masker til karneval.
Kalevaladagen
Den 28. februar der det feiring av Kalevaladagen i Finland med fest og god mat. Kalevala er eit dikt om store finske heltar. Diktet vart ikkje skrive ned før på 1800-talet. Då samla Elias Lönnrot inn mange forteljingar frå heile lande og skreiv dei ned i 50 vers.
Kalevala er viktig for finsk språk og kultur. Det vart spesielt viktig etter at Finland vart ein sjølvstendig nasjon i 1917.
📷 Måleri av Elias Lönnrot. Kunstnar: Bernhard Reinhold.
Japansk jente dekorerer rommet sitt med hinadukker.
Ung jente feirer Holif
To menn med høye grønne hatter står og ser på en parade på Manhatten.
En muslimsk familie på fire personer sitter rundt et bord og spiser et festmåltid under id-festen.
Kjelder:
- Britannica (25.10.2022) Valentines Day
https://www.britannica.com/topic/Valentines-Day
- Romania Insider (25.10.2022) Dragobete
https://www.romania-insider.com/dragobete-lovers-day-the-romanian-way
- Britannica (26.10.2022) Mardi Gras
https://www.britannica.com/topic/Mardi-Gras-carnival
- The Spruceeats (26.10.2022) Hina
https://www.thespruceeats.com/hina-matsuri-2031037
- Wikipedia (26.10.2022) Holi
https://en.wikipedia.org/wiki/Holi
- Britannica (27.10.2022) Saint Patricks Day
https://www.britannica.com/topic/Saint-Patricks-Day
- Vogt, Kari: ramadan i Store norske leksikon på snl.no. Henta 13. desember 2022 frå http://snl.no/ramadan
Bilde- og videorettar:
-
-
Getty Images
-
Skolerom
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Skolerom
-
Getty Images
-
@ChristiMilla1 – Twitter
-
Getty Images
-
Bernhard Reinhold/Public Domain
-
Skolerom
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-