Fest og feiring året rundt!

Vi menneske har behov for å markere høgtider og arrangere festar for å feire dei mange fasane i livet. Over heile verda blir feira og festa, og det er heilt ulike tradisjonar i dei ulike landa. Det er store forskjellar berre her i Norden. Kvar månad har sine markeringar og feiringar ein eller annan stad i verda. Lat oss bli litt kjende med noko av det som skjer frå juli til september.

📷  Den 4. juli er ein stor festdag i USA.
Frihetsstatuen på en bakgrunn med det amerikanske flagget og fyrverkeri.
Frihetsstatuen på en bakgrunn med det amerikanske flagget og fyrverkeri.
Juli med hvit skrift på sort bakgrunn.
Juli med hvit skrift på sort bakgrunn.

Nasjonaldag i USA

4.  juli er nasjonaldagen til amerikanarane. Dei feirar lausrivinga si frå Storbritannia den 4. juli 1776. Tretten nordamerikanske statar erklærte at dei var frie og uavhengige statar. Dei skreiv sjølvstendeerklæringa. Denne fekk mykje å seie for grunnlovene i andre land. Frankrikes i 1791 og Noregs i 1814.

Familiefest, paradar og fyrverkeri

4. juli er ein fridag der familie og venner møtest for eit godt måltid, ofte grilling. Mange stader er det paradar med talar og korpsmusikk på føremiddagen. Feiringa blir avslutta med eit imponerande fyrverkeri om kvelden. Ein pyntar med ballongar og annan dekorasjon i raudt, kvitt og blått. Amerikanarar busette i andre land feirar òg.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
August med hvit skrift på sort bakgrunn.
August med hvit skrift på sort bakgrunn.

La Tomatina – tomatkastefestival

Den 4. juli er ein fridag der familie og venner møtest for eit godt måltid, ofte grilling. Mange stader er det paradar med talar og korpsmusikk på formiddagen. Feiringa blir avslutta med eit imponerande fyrverkeri om kvelden. Ein pyntar med ballongar og annan dekorasjon i raudt, kvitt og blått. Amerikanarar busette i andre land feirar òg.

Strenge sikkerheitsreglar

La Tomatina skal vere ei morosam og uformell feiring. På festivalen blir det kasta tonnevis med tomatar, og deltakarane kan kaste tomatar på kven som helst. Men deltakarane skal følgje ei rekkje reglar for å sikre at alle har det moro på ein trygg og sikker måte.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Knust tomat liggende i en hånd mot en bakgrunn med mange tomater.
Knust tomat liggende i en hånd mot en bakgrunn med mange tomater.
September med hvit skrift på sort bakgrunn.
September med hvit skrift på sort bakgrunn.

Oktoberfest i september

Oktoberfesten i München startar tredje helga i september og varer i 16 dagar. Tidlegare feira ein i oktober. Frå 1905 har festivalen starta i september. Det er for å nyte siste rest av sommaren. Festivalen blir markert med øl og lokal mat og blir òg kalla ølfestivalen. Oktoberfesten er ein av dei største folkefestane i verda. Festivalen vart arrangert første gongen i 1810. Det var i samband med eit kongeleg bryllaup med 40 000 gjestar. Oktoberfesten har seinare spreidd seg til Noreg og andre land.

Folkedrakter frå Bayern

Det er populært å kle seg i tradisjonelle drakter frå Bayern. Jentene går i kjolar (dirndl). Gutane brukar kortbukse (lederhosen). Mange pyntar òg hestane med hattar og fargerikt seletøy.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Folk som danser med folkedrakter fra Bayern.
Folk som danser med folkedrakter fra Bayern.

Kjelder:

Bilde- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Skolerom
    3. Getty Images
    4. Skolerom
    5. Getty Images
    6. Skolerom
    7. Getty Images