Fornybare og ikkje-fornybare ressursar
I naturen finst det råstoff som vi kan bruke. Vi kallar det naturresursar. Det finst i havet, på jordoverflata eller under jorda. Det kan vere fisk, skog, olje, gass eller mineral. Vi deler dette inn i fornybare og ikkje-fornybare ressursar.
Ett fiskebruk i lofoten
Fornybare naturressursar
Vatn, vind og sol er fornybare ressursar. Dei blir ikkje oppbrukte når vi bruker dei.
Fisk og skog er òg fornybare. Men dei bruker lengre tid på å fornye seg etter at dei blir fanga eller hogne ned.
Solcellepanel med vindmøller i bakgrunn
Store fabrikkpiper slipper ut mye røyk.
Avfall
Vi kastar mykje søppel, mykje meir enn før. Då får vi store søppelberg. Kanskje er det fordi det har blitt billigare å kjøpe nye ting. Mykje søppel blir resirkulert og laga om til nye ting. Noko kan brennast og blir til varme. Glassflasker blir vaska og blir brukte på nytt.
Det fine er at vi sparer på jorda sine naturressursar når vi arbeider for gjenvinning.
En søppeldynge
Masse mennesker i en gate i Bangalore
Kjelder:
- Hofstad, Knut: ikke-fornybare energikilder i Store norske leksikon på snl.no.
Henta 11. februar 2022 frå https://snl.no/ikke-fornybare_energikilder
- Hofstad, Knut; Halleraker, Jo Halvard: fornybar energi i Store norske leksikon på snl.no.
Henta 11. februar 2022 frå https://snl.no/fornybar_energi
Bilde- og videorettar:
-
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-