Verdas største idrettsfest!

Fotball er verdas største idrett når vi tel supportarar. Nesten halvparten av verdas befolkning heiar på eitt eller fleire fotballag. Men kva er det eigentleg med fotball, som begeistrar så ufatteleg mange? Kva slags gylne augneblinkar er verdt å hugse frå fotball-VM?

Fans jubler på en fotballarena.
Fans jubler på en fotballarena.
🇺🇾  URUGUAY | 1930

Fotball-VM blir til

Interessa for VM var ikkje like stor som i dag, men 90 000 menneske såg at Uruguay vann 4–2 over Argentina i finalen. Dei vart dei første verdsmeistrane i fotball i verda. Som premie fekk laga ein statuett i form av sigersgudinna Nike. 44 år etter vart denne statuetten bytt ut med den VM-pokalen vi kjenner i dag. Det å løfte denne pokalen over hovudet er draumen til alle fotballspelarar!

Mørk bakgrunn av fotballstadion
Mørk bakgrunn av fotballstadion
🇨🇳  KINA | 1991

Første VM for kvinner

I 1991 tok Kina imot tolv nasjonar til første fotball-VM for kvinner. Verdsmeister vart USA etter siger over Noreg i finalen. Seks land har sidan delteke i alle VM, og Noreg er eitt av dei. Under VM vart beste spelar premiert med gullball, og VMs toppskårar fekk ein gullstøvel.

Mørk bakgrunn av fotballstadion
Mørk bakgrunn av fotballstadion
🇫🇷  FRANRKIKE | 1938

På randa av verdskrig

På 1930-talet låg det an til å bli ny verdskrig. Likevel vart det arrangert fotball-VM i Frankrike. Brasil og Polen spelte ein heilt fantastisk opningskamp. Sjølv om polske Ernest Wilimowski skåra fire mål, tok Brasil sigeren med 6–5.

Mørk bakgrunn av fotballstadion
Mørk bakgrunn av fotballstadion
🇸🇪  SVERIGE | 1995

Noreg vart best i verda

Tolv land deltok i VM for kvinner i Sverige. Noreg vann alle kampane og hadde ein imponerande målskilnad. I finalen vann dei 2–0 over Tyskland. Noreg tok fem av seks prisar som vart delte ut under meisterskapen. Landslagstrenar Even Pellerud kunne juble over å ha dei beste damene i verda!

Mørk bakgrunn av fotballstadion
Mørk bakgrunn av fotballstadion
🇸🇪  SVERIGE | 1958

Fotballmagi frå Brasil

Sverige kom til finale på heimebane. Nærare VM-pokal hadde dei aldri vore. Det største hinderet mot pokalen var ein 17-åring frå Brasil – Pelé. Han var ein unik spelar med fotballtriks verda aldri hadde sett. Dei neste 20 åra gjorde han til ein av tidenes beste spelarar. Det vart ein velfortent siger til Brasil i VM-finalen. Sverige og resten av verda lét seg imponere og begeistre av tenåringen frå Brasil.

Mørk bakgrunn av fotballstadion
Mørk bakgrunn av fotballstadion
🇺🇸  USA | 1999

Kåring av eit verdslag

USA var vertsnasjon for VM for kvinner og vann ein nervepirrande finale over Kina. Det heile vart avgjort på straffespark. Sun Wen frå Kina vart kåra til den beste spelaren i meisterskapen. Norske Ann Kristin Aarønes vart teken ut til verdslaget. Verdslaget er ei kåring av dei 11 beste spelarane frå VM.

Mørk bakgrunn av fotballstadion
Mørk bakgrunn av fotballstadion
🏴󠁧󠁢󠁥󠁮󠁧󠁿  ENGLAND | 1966

Football´s coming home

Den moderne fotballen vart utvikla i England, og VM vart arrangert her i 1966.  Forventningane til lagkaptein Bobby Moore og hans England var skyhøge! Då finaledagen kom, møttest England og Vest-Tyskland på Wembley Stadium. 100 000 tilskodarar var til stades. England hadde slite seg til finalen, men tok ein velfortent siger.

Mørk bakgrunn av fotballstadion
Mørk bakgrunn av fotballstadion
󠁧󠁢🇩🇪  TYSKLAND | 2011

Japan tek pokalen

I denne meisterskapen kom ikkje dei norske damene vidare frå gruppespelet. Ikkje nokon gyllen augneblink for Noreg akkurat. Japan vann derimot  finalen over Tyskland, og vart det første asiatiske laget med VM-pokal. Finalen vart avgjort med straffesparkkonkurranse.

Mørk bakgrunn av fotballstadion
Mørk bakgrunn av fotballstadion
󠁧󠁢🇲🇽  MEXICO | 1986

Guds hand

Like før VM i Mexico kom eit kraftig jordskjelv i hovudstaden Mexico City. Det stansa ikkje arrangørlandet frå å gjennomføre eit minneverdig VM. Ikkje minst på grunn av nummer 10 på Argentina – Diego Maradona. Han var ein  fantastisk spelar og skåra fleire mål. Ikkje minst mot England. Det eine burde ha vore annullert for hands, men Maradona meinte det var Guds hand som hjelpte han. Det andre målet, der han dansar seg gjennom det engelske laget, står som hundreårets VM-mål.

Mørk bakgrunn av fotballstadion
Mørk bakgrunn av fotballstadion
🇺🇸  USA | 1994

Sverige vil grave gull, men vinn bronse

Før VM i USA song det svenske landslaget «När vi gräver guld i USA». Målet var klart, men det vart med bronse då dei vann 4–0 mot Bulgaria. Det norske herrelandslaget kvalifiserte seg for første gong til fotball-VM. Dei gjekk ikkje vidare frå gruppespelet. Med VM fekk fotballen i USA ein heilt annan status. Amerikanarane tok fotballen – soccer, som dei kallar det – til sitt hjarte.

Mørk bakgrunn av fotballstadion
Mørk bakgrunn av fotballstadion
🇫🇷  FRANRKIKE | 1998

Noreg slår Brasil

Ein av Noregs største idrettsprestasjonar skjedde under VM i Frankrike. Noreg møtte Brasil i siste gruppespelkamp. Brasil var kvalifisert for vidare spel, medan Noreg var nøydde til å vinne for å gå vidare. På jonsokaftan det året skjedde mirakelet. Noreg slo Brasil 2–1. Frankrike vart verdsmeistrar på heimebane – og noko særleg større enn det kan det ikkje bli.

Mørk bakgrunn av fotballstadion
Mørk bakgrunn av fotballstadion

Kva er det eigentleg med fotball?

Kva er det med fotball som begeistrar så ufatteleg mange?

Eit enkelt spel

Fotball er i utgangspunktet ein enkel idrett. To lag skal skåre flest mogleg mål. Det einaste ein treng er ein ball, eller noko som liknar ein ball. Det er fattige barn i Brasil som speler fotball utan sko og med ballar av tøystykke og strikk. Likevel driblar dei som berre det. Det enkle gjer denne idretten til noko av det mest nervepirrande for supportarar, trenarar og spelarar.

Eit lagspel

Eit fotballag består av elleve spelarar. Dei har kvar sine rollar dei må meistre. Nokre av desse spelarane blir superstjerner. Andre sit mest på innbyttarbenken. Fotballen samlar ufatteleg mange supportarar. Dei følgjer laget sitt og heltane sine i tjukt og tynt. For mange er fotball som ein religion. Fotball byr på krangling, kampfiksing og skandalar. Likevel er fotball på sitt beste rein kjærleik til idrett og lagspel.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Tottenham Hotspur Stadium
Tottenham Hotspur Stadium

Draumen om VM-pokalen

Fotball-VM skal vere ein idrettsfest. Draumen for kvart lag er å løfte VM-pokalen over hovudet. Dei kommande meisterskapa vil heilt sikkert gi oss fleire gylne augneblinkar i fotball-VMs historie.

Feiring med gullconfetti og VM-pokal da Frankrike vant fotball-VM for herrer i 2018.
Feiring med gullconfetti og VM-pokal da Frankrike vant fotball-VM for herrer i 2018.

Kjelder:

  • Historien om fotbolls-VM (2018)
    Orage forlag AS
Mørk bakgrunn av fotballstadion
Mørk bakgrunn av fotballstadion

Bilde- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. King of soccer history YouTube
    3. WoSoNostalgia YouTube
    4. Classic Football YouTube
    5. Women´s Soccer History YouTube
    6. Don Denaly YouTube
    7. AISpotter YouTube
    8. British Pathé YouTube
    9. Football´s Great YouTube
    10. Classic England YouTube
    11. robkvi YouTube
    12. HistoryFull Worldcup YouTube
    13. Skolerom
    14. Russian Presedential Press and Information Office (CC BY 4.0)
    15. Skolerom
    16. Skolerom
Mørk bakgrunn av fotballstadion
Mørk bakgrunn av fotballstadion