Framtidsmat

Korleis vil maten smake i framtida? Og korleis vil han bli til?

Accessibility icon Framtidsmat

Kvar kjem maten frå i framtida? 

Innan 2037 vil folketalet jorda mest sannsynleg passere 9 milliardar. Då har vi to milliardar svoltne munnar meir å mette. For å klare å produsere nok, vi auke mengda mat vi dyrkar med 70 prosent. 

I dag er det meste av den dyrkbare marka jorda alt er i bruk. Og milliardar av menneske er alt no underernærte. Å produsere nok mat til endå fleire menneske kjem altså til å bli ei stor utfordring. 

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Klimaendringar gir utfordringar 

Klimaendringane gjer det endå vanskelegare å dyrke meir mat. Difor er forskarane ydde til å bidra meir og meir til matproduksjonen. Det blir sleppt ut ein del drivhusgassar når vi dyrkar frukt og grønsaker. Men det er husdyra som er den største årsaka til global oppvarming innan matproduksjon. Det blir sagt at produksjonen av ein burgar230 gram gir same mengd utslepp som å køyre ein vanleg personbil ei strekning 25 kilometer. 

Kjøtproduksjon i laboratorium 

Ved å hente ut stamceller frå ei levande ku har dei klart å dyrke muskelceller som dei har brukt til å lage ein forbløffande velsmakande burgar. Stamcellene kan bli til andre cellevariantar og kopiere seg sjølve. 

Cellene som blir henta ut frå éi ku, kan produsere 175 millionar burgarar. Ei mengd som normalt ville kravd 440 000 kyr. Det aller beste er at sjølv ikkje den eine kua cellene blir henta frå, blir skadd i prosessen. 

Det er ikkje berre storfekjøt som kan dyrkast denne måten. Metoden kan lett overførast til fjørkre, svinekjøt og andre typar kjøt. Forskarane trur det kan ta 10–20 år før slikt kjøt blir tilgjengeleg. 

3D-printa mat 

I 2016 kom ein 3D-printar som kan lage eit stort utval av mat, marknaden. Det var amerikanaren, Miguel Valenzuela, som oppfann PancakeBot heime i Noreg. 

Ideen bak teknologien er at du fyller opp ulike råvarer i behaldarar i printaren. Deretter skriv han ut maten lag for lag. Og vips, kan du steikje han i omn eller panne! 

Næringsrike insekt 

Det finst mange næringsrike insekt som inneheld både feitt, kalsium, jern og sink. Dei krev dessutan mykje mindre område enn vanleg landbruk og er difor mykje mindre krevjande å dyrke fram. I tillegg er denne produksjonen ikkje like øydeleggjande for miljøet. 

Dei store pattedyra krev 12 gongar mykje mat som for eksempel grashopper for å produsere same mengd protein. Insekt kan òg leve matrestar og dyreskit og dermed hjelpe til med å resirkulere avfall. 

Forrige avsnitt

1 / 5

Neste avsnitt

Morgondagens landbruk 

Med større etterspurnad bøndene drive gardane sine effektivt som mogleg, og konsekvensen er at bruken av teknologi aukar. 

Automatiske mjølkemaskiner 

Automatiske mjølkemaskiner sørgjer for at kyrne kan bli mjølka når dei sjølve ønskjer det, slik at bonden ikkje er nøydd til å stå opp klokka fem om morgonen. Maskina kjenner att kvart einskild dyr og set automatisk spenekoppane juret når kua går inn i båsen. 

Smarttelefonar og nettbrett 

Det finst ei heil rekkje applikasjonar som kan hjelpe bonden med å drive garden meir effektivt. Mange oppgåver kan forenklast ved hjelp av digitalt utstyr som smarttelefon og nettbrett blant anna registrering av dyr og oppdatering av vêrmeldinga. 

Elektronisk merking 

Elektronisk merking av dyr kan hjelpe bonden å følgje med helsa og vanane til dyra. Ein sendar vil varsle bonden dersom eit dyr ikkje et normalt eller produserer nok mjølk.

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt

Dronar 

Dronar kan brukast til å lage nøyaktige kart over dyrka mark. Ved hjelp av kartet kan bonden rekne ut kor mykje gjødsel hen treng. Dronar gjer det også lettare å følgje med avlinga og å skremme bort skadedyr før dei rekk å øydeleggje plantane. 

Datautstyr til bruk garden 

Datakyndige bønder kan overvake mykje av gardsdrifta ved hjelp av ei datamaskin, Eigne dataprogram lagar oversikt over landområde, reknar ut kva materiale dei treng, og overvakar dyra. denne måten får bøndene mindre tap og blir meir effektive. Då kan dei drive garden meir lønnsamt òg. 

Innandørs dyrking 

Tilgangen matjord blir stadig mindre. I tillegg gjer vêr og vind dagens avlingar veldig sårbare. Når vi dyrkar jorda innandørs, vil avlingane bli større fordi vi har betre kontroll. Plantar innandørs kan dyrkast ved at plantane veks i kar med vatn og næringsstoff, i staden for i jord. I taket lyser LED-lamper og sørgjer for lysenergi. 

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt

Genmodifisering ein omstridt vitskap 

Ved hjelp av genmodifisering kan vi produsere plantar som toler ugrasmiddel og sjukdommar. Dessutan kan dei vekse i svært ugjestmilde omgivnader. Genmodifisering betyr at ein endrar innhaldet i cella. Det betyr at ein endrar arvestoffet i cella. 

Genmodifisering kan også brukast til å produsere frukt og grønsaker som inneheld meir av vitamina og minerala vi treng, og som held seg lenger, slik at det blir mindre matsvinn. 

Ikkje alle trur at denne teknologien er bra for oss. Men det er langt ingenting som tyder at slike plantar er skadelege. Både menneske og dyr har ete genmodifisert frukt og grønsaker i fleire tiår, tilsynelatande utan å ta skade av det, men det er likevel mange som ser ein samanheng med auka allergi og andre helseproblem. 

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Kjelder:

  • Ny vitenskap 4 (2016)
    Orage Forlag AS