Faren til astronomien 

Galileo Galilei var filosof, fysikar, astronom og matematikar. Han er mest kjend for ideen om eksperimenterande naturforsking, forbetring av teleskopet, nye astronomiske observasjonar og støtte til det heliosentriske verdsbiletet.

Galileos støtte til påstanden om at sola var midtpunktet for solsystemet vårt, gjorde at han vart sett i husarrest livet ut.

Renessansen – nye idear og kunnskap 

Galilei vart fødd i 1564 – mot slutten av renessansen – i ei tid då kunnskap og nye idear hadde erstatta gammal tru og overtru. Geni som Nicolaus Copernicus og Leonardo da Vinci hadde allereie gitt verda nye tankar om naturvitskap. Området som i dag vert kalla Italia, var fullt av kunstnarar, oppdagarar, matematikarar, forfattarar og oppfinnarar. Nye tankar spreidde seg som eld i tørt gras. Det folk hadde trudd på i hundrevis av år, vart diskutert på nytt. Galilei skjønte at ein ikkje kan lære om naturen ved å lese gamle bøker – ein må «spørje naturen sjølv».

Ønsker du å lese hele artikkelen?

Ved å logge inn får du full tilgang til artikkelen, samt Lærerrommet med engasjerende læringsstier og oppgaver du kan bruke i undervisningen.

Logg inn med Feide

Ønsker du å prøve ut fullversjonen av Skolerom?
Kontakt oss her!