Faren til astronomien

Galileo Galilei var ein vitskapsmann. Han er mest kjend for å studere naturlovene, forbetring av teleskopet, oppdaginga av nye planetar og månar, i tillegg til at han meinte at jorda bevegar seg rundt sola i staden for motsett.

Det at Galileo meinte at sola var midtpunktet for solsystemet vårt, gjorde at han vart sett i husarrest resten av livet.

Renessansen – nye idear og kunnskap 

Galilei vart fødd i 1564, mot slutten av perioden ein kallar renessansen. Dette var ei tid då kunnskap og nye idear hadde erstatta gammal tru og overtru. Geni som Nicolaus Copernicus og Leonardo da Vinci hadde allereie gitt verda nye tankar om naturvitskap. Området som i dag vert kalla Italia, var fullt av kunstnarar, oppdagarar, matematikarar, forfattarar og oppfinnarar. Nye tankar spreidde seg som eld i tørt gras. Det folk hadde trudd på i hundrevis av år, vart diskutert på nytt. Galilei forstod at ein ikkje kan lære om naturen ved å lese gamle bøker – ein må sjå på sjølve naturen i staden.

Ønsker du å lese hele artikkelen?

Ved å logge inn får du full tilgang til artikkelen, samt Lærerrommet med engasjerende læringsstier og oppgaver du kan bruke i undervisningen.

Logg inn med Feide

Ønsker du å prøve ut fullversjonen av Skolerom?
Kontakt oss her!