Faren til astronomien 

Galileo Galilei var filosof, fysikar, astronom og matematikar. Han er mest kjend for ideen om eksperimenterande naturforsking, forbetring av teleskopet, nye astronomiske observasjonar og støtte til det heliosentriske verdsbiletet.  

Galileo støtta påstanden om at sola var midtpunktet for solsystemet vårt, og dette kosta han husarrest på livstid.

Renessansen – nye idear og kunnskap 

Galilei vart fødd i 1564 – mot slutten av renessansen – i ei tid då kunnskap og mange nye idear hadde erstatta gammal tru og overtru. Geni som Nicolaus Copernicus og Leonardo da Vinci hadde allereie gitt verda nye tankar om naturvitskap. Det som i dag blir kalla Italia, var eit sydande senter for kunstnarar, oppdagarar, matematikarar, forfattarar og oppfinnarar. Nye tankar spreidde seg som eld i tørt gras. Det folk hadde trudd på i hundrevis av år, vart diskutert på nytt. Galilei skjønte at ein ikkje kan lære om naturen ved å lese gamle bøker – ein må «spørje naturen sjølv».

Verka til Galilei  

Galilei hadde ein omfattande produksjon som astronom, oppdagar, matematikar og forfattar.

Han vart fødd i Pisa, der han studerte medisin og seinare også matematikk og filosofi. Han forska mykje på bevegelse og formulerte etter kvart lova for fallande lekamar (fallovene). Eksperimenta til desse gjorde han frå toppen av det skeive tårnet i Pisa.

I 1623 gav Galilei ut ein artikkel om solflekkar. Her påviste han blant anna at sola roterer.

I 1623 utga Galilei Il Saggiatore (Probermeisteren) – med tankane sine om fysiske realitetar og den vitskaplege revolusjonen. Eit drygt tiår etterpå publiserte han boka Dialog om dei to største verdssystema, som vart avvist av kyrkja. Etter at ein kommisjon granska verka til Galilei, vart han skulda for kjetteri og dømd til husarrest.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Galilei blir dømd 

Galileo Galilei vart stemna for inkvisisjonen i Roma då han var 69 år gammal. Han vart forhøyrd i eit halvt år, og han måtte til slutt knele for paven og sverje på at jorda står stille, og at det er sola, stjernene og planetane som bevegar seg rundt oss. Han vart dømd til livsvarig fengsel, men paven gav han lov til å vere heime i husarrest resten av livet. Etter dommen seiest det at han mumla for seg sjølv: «Ho bevegar seg likevel».

Fakta om Galilei

Sensurert

Mykje av arbeidet til Galilei vart på 1600-talet trekt tilbake og bannlyst av kyrkja. Ikkje før i 1718 vart det tillate å trykkje det igjen.

Fleire oppfinningar

I tillegg til kikkertlinser og termoskopet fann Galilei opp eit geometrisk kompass, eit mikroskop og eit pendelur, og han bidrog sterkt til mange andre teknologiske nyvinningar.

Blinda av sola

Studium av solflekkane skada auga til Galilei. I 1638 vart han blind. Men med hjelp av trufaste studentar heldt han fram med arbeidet sitt heilt til han døydde.

Ikkje alltid rett

Nokre gongar tok Galilei skikkeleg feil. Til dømes var han ueinig med Kepler, som meinte at det var månen som skapte flo og fjære. I staden trudde Galileo at flo og fjære kom av at jorda gjekk rundt sola.

Jupiter-månane

Galilei oppdaga månane Io, Callisto, Ganymedes og Europa. Sjølv kalla han dei Sidera Medicea (dei mediceiske stjernene) etter Cosima II de’Medici, ein rik italienar som hadde betalt for forskinga. Først seinare vart dei kalla «galileiske».

Krater på månen

Med kikkerten sin oppdaga Galilei ikkje berre dei fire første månane til Jupiter, men også kratera på månen, ringane rundt Saturn, og at Merkur og Venus har fasar.

Forrige avsnitt

1 / 6

Neste avsnitt

Galileo Galilei i eit nøtteskal

Kjelder: 

  • Universet Junior (2019)
    Orage Forlag AS

Bilet- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Getty Images
    4. Getty Images
    5. Getty Images
    6. NutshellEdu Youtube