Landsfaderen

George Washington leia den amerikanske revolusjonen som førte til sjølvstende frå Storbritannia. Han var også den første presidenten i det nye landet. Dette er grunnen til at George Washington er kalla «landsfaderen».

Som ein av grunnleggjarane av USA er han foreviga i fjellsida Mount Rushmore – dei andre er Thomas Jefferson, Theodore Roosevelt og Abraham Lincoln.

Mount Rushmore National Memorial, i dagligtale Mount Rushmore, er et nasjonalt minnesmerke som ligger i Keystone, Sør-Dakota, USA.

Barndom

George Washington vart fødd i 1732 i det som seinare vart delstaten Virginia. Familien hans hadde engelsk opphav og var velståande. Dei hadde ein liten tobakksplantasje.

Under innhaustinga brukte familien Washington slavar frå Afrika. Den bekymringslause barndommen til George Washington i den rolege engelske kolonien tok brått slutt då han mista faren sin berre 11 år gammal.

Mora bekymra seg over at George ikke viste særleg interesse for verken å gå på skule eller studere.  Han brydde seg mykje meir om dei praktiske sidene av livet og om plantasjedrifta. Han ville mykje heller bruke tid på ting som dreia seg om plantasjen, som landmåling og jordsmonn.

Desse kunnskapane og ferdigheitene skulle han få god bruk for då broren Lawrence døydde og George arva enorme landområde. Broren hadde gifta seg med ei som var i familie med ein styrtrik jordeigar.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Tobakkplantasje

Krig mellom Frankrike og Storbritannia

Europearane som vandra til Amerika på 1600-talet, hadde teke landområde frå dei innfødde i befolkninga. Desse landområda vart underlagde fedrelanda i Europa.

📷  Statue av George Washington i Boston, Massachusetts.

På 1750-talet verva George Washington seg til militsen i Virginia og kjempa i den fransk-indianske krigen, som braut ut i 1756 mellom Frankrike og Storbritannia. Dei kriga om kontrollen i dei nordamerikanske koloniane. Kolonikrigen mot Frankrike endte i 1763 med total siger for britane, som tok over kontrollen i heile Nord-Amerika.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Fedrelandet Storbritannia

Likevel vart dei nordamerikanske kolonistane sett på som undersåttar av den britiske krona. Dei betalte skatt til fedrelandet Storbritannia, men hadde samtidig ingen representantar i parlamentet i London.

Frå protest til revolusjon

Misnøya begynte å spreie seg blant nybyggjarane. Juristar hevda at koloniane ikkje var forplikta til å overhalde lover som var pålagde av eit parlament der dei ikkje hadde nokon representantar. I den harde kjernen som protesterte, var det ei gruppe som kalte seg «Sons of Liberty», Søner av fridom.

I 1775 organiserte kongressen ein militær motstand, og dermed utarta protesten til å bli ein revolusjon. George Washington var allereie innvald som kongressmedlem frå Virginia, og no tok han kommandoen over kolonihæren.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Sjølvstendeerklæringa

4. juli 1776 signerte kongressen ei sjølvstendeerklæring. Då braut koloniane bandet med Storbritannia for godt. Med fransk støtte og med eit godt samarbeid mellom koloniane klarte Washington endelig å vinne over britane i Yorktown i oktober 1781.

Ein ny nasjon blir fødd

Ein ny nasjon vart fødd, Dei sameinte statane i Amerika (United States of America). Kongressen vedtok den endelege grunnlova i 1789. Då valde dei også einstemmig George Washington som den første presidenten i USA. Han skulle vise seg å vere rett mann på rett stad, og han utførte jobben med stor ansvarskjensle. Han klarte å roe ned dei indre spenningane i landet.

Uavhengighetserklæringen fra 1776
Papirbakgrunn 8

Siste leveåra

Washington var godt likt, og vart vald til president for andre gongen, og også ein tredje gong, men den tredje perioden takka han nei til, ettersom han meinte det var farleg å la same personen ha makta altfor lenge. Han trekte seg tilbake til privatlivet og brukte dei siste leveåra sine på å drive eit whiskybrenneri. Han døydde i Mount Vernon 14. desember 1799.

Etter at han var død, vart han hylla av alle, også i Europa, som far til den amerikanske nasjonen. George Washington gjekk inn i historia med eit legendarisk ettermæle: «Den fremste i krigen, den fremste i freden og den fremste i hjarta til patriotane.».

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Enkel jordeigar eller også slavehaldar?

Washington dreiv i løpet av livet sitt fleire jordeigedommar som brukte svært mange afrikansk-ætta slavar, slik det var vanleg på den tida. Sjølv om han i prinsippet ikkje likte slavehald og fleire gongar kalla det moralsk uakseptabelt, så gjorde han ingenting for å avskaffe det då han først vart president.

Historikarar meiner at Washington formelt ikkje kjempa mot slaveriet for ikkje å miste støtta frå rike jordeigarar. Dei var nemleg ein viktig base for økonomien i landet,  og utan støtte frå dei kunne han risikere å skape store konfliktar i den unge nasjonen. Engasjementet hans begrensa seg til å underskrive Slave Trade Act i 1794, som reduserte kor mykje landet kunne delta i slavehandelen.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Washington D.C.

Hovudstaden i USA er oppkalla etter George Washington, som i 1790 utpeika dette området som den nye hovudstaden i USA. D.C er ei forkorting for «District of Columbia». Columbia er eit historisk namn for nasjonen USA og har blitt avbilda som ein kvinneskikkelse. Opphavet til ordet «Columbia» er namnet til den italienske oppdagaren Christofer Columbus.

📷  «Be Patriotic»-plakat frå cirka 1917-18.
District of Columbia

Kjelder:

  • Historiens største ikoner (2020)
    Orage Forlag AS
  • Thuesen, Nils Petter; Nordlie, Haavard; Skatvik, Frida; Hoprekstad, Odd Egil: Washington D.C. i Store norske leksikon på snl.no.
    Henta 15. mars 2021 frå https://snl.no/Washington_D.C.

Bilet- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Getty Images
    4. Getty Images
    5. Getty Images
    6. Getty Images
    7. Getty Images
    8. Getty Images
    9. Getty Images
    10. Paul Stahr / Herbert Hoover Library / National Archives and Records Administration