Global oppvarming

Ekstremvêr, artar som døyr ut og øyer som forsvinn – klimaendringane er alvorlege for både menneske og naturen rundt oss. Kva er eigentleg global oppvarming, og kvifor skjer dette no?

Accessibility icon Global oppvarming

Kva er global oppvarming?

Global oppvarming tyder at atmosfæren (altså lufta rundt heile jorda) vert varmare. Dette påverkar alt som lever på planeten: menneske, dyr og plantar.

Kloden vår har hatt både istider og varme periodar før, men denne gongen er forandringa annleis – ho skjer nemleg veldig raskt. Sidan 1880 har heile atmosfæren vorte 0,8 °C varmare enn det som var normalt. Viss det held fram slik dei neste hundre åra, kan dette auka til mellom 2 °C og 4 °C. For oss som bur i Noreg kan ein tenkje at det hadde vore godt, men ei slik endring fører til at klimaet endrar seg på jorda. Det lagar store problem for naturen, for vêret og for oss menneske.

⬅  Mange av verdas største elver turkar inn på grunn av at klimaet endrar seg, som her i Australia.

Skilnaden på klimaendring og global oppvarming

Global oppvarming er når lufta vert varmare over lang tid.

Klimaendring er alle dei tinga som skjer fordi lufta har vorte varmare.

 

Global oppvarming

Målingar vi har gjort over 140 år viser at jorda vert varmare og varmare. Dette er fordi det vert meir drivhusgassar i atmosfæren.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Kvifor skjer det?

Menneske brukar mykje kol, olje og gass, blant anna for å laga straum. Når vi gjer det, vert det sleppt ut drivhusgassar som vert ein del av atmosfæren til jorda.

Korleis verkar det?

Jorda vert heile tida varma opp av solstrålar. Vanlegvis forsvinn mykje av varmen ut i verdsrommet, slik at jorda held seg kjøleg. Drivhusgassar hindrar varme i å sleppa ut av atmosfæren.

Kva kan skje?

Viss ikkje utsleppa vert mindre, kan temperaturen på jorda stiga med 4 °C og havnivået stiga med 26-82 cm innan 2100. Nokre land vil få for mykje vatn, medan andre får for lite. Med ei stigning på 2 °C kan havet fløyma over bustadane til 280 millionar menneske.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt

Drivhuseffekten  

I eit drivhus er det veggar og tak av glas, så sola kan skinna gjennom og varma opp lufta inni. Glaset hindrar at den varme lufta forsvinn når sola går ned.

Jorda har det litt på same måte. Vi har ikkje glasveggar, men vi har eit lag av drivhusgass øvst i atmosfæren. Dette laget syg til seg energi frå solstrålane. Slik sørgjer det for å halda jorda jamt varm, sjølv om natta og om vinteren.

Utan drivhusgassar vil det verta så kaldt at vi frys i hel, men vi kan få for mykje av dei også. Då vil det verta for varmt for oss.

Drivhusgassar

Dei viktigaste drivhusgassane for oss er vassdamp, karbondioksid, metan og nitrogendioksid. Alle desse er heilt naturleg i atmosfæren.

Forsterka effekt

Drivhusgassar i riktige mengder held jorda passe varm for liv. Når vi brenner fossilt brensel, som olje, gass og kol, slepper vi ut meir karbondioksid. Dette gjer at drivhuseffekten vert sterkare, og jorda vert varmare.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Kva er metan? 

Vi treng energi

Menneske brukar energi for å leva godt og trygt. Det kostar energi å produsera varer som mat og klede, og det kostar energi å frakta dei ut til butikkane. Du brukar energi kvar dag, når du til dømes dusjar, lagar mat eller skrur på lyset om kvelden.

85 % av energi vi brukar kjem frå fossilt brennstoff. Men det finst andre måtar å laga energi på, som ikkje slepper ut drivhusgassar. Døme på slik rein energi er solkraft, vindkraft, vasskraft og atomkraft. Viss vi skal stoppa global oppvarming, må vi bruka mykje mindre fossilt brennstoff.

 

Kvifor byter vi ikkje berre?

Å byta til rein energi er vanskeleg. Folk over heile verda er vande til å bruka mykje energi, og det vil verta dyrt å byta ut kraftverka vi har med nye. Det er også problem med rein energi:

Solkraft fungerer ikkje om natta eller når det er overskya.

Vasskraft kan ein berre bruka i land med store fossefall.

Vindkraft tek mykje plass og er skadeleg for fugl og insekt.

I tillegg er mange menneske redde for å ha atomkraftverk i nærleiken av der dei bur.

Vi jobbar difor heile tida med å finna nye løysingar, men det er også viktig å bruka mindre energi.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Sjødyr i fare 

Havet er berre vorte ei grad varmare, men det er nok til at livet i havet kan verta annleis. Nokre artar, som bittesmå dyreplankton, klarar seg betre i varmt vatn. Dei kan spreia seg og ta over store område. Andre artar kan verta tvinga til å flytta, eller beint fram gje opp.

Dette påverkar også andre artar. Isbjørnen lever på isen som flyt på havet. Viss isen smeltar, kan han døy heilt ut.

 

Isbjørn i Spitsbergen på Svalbard

Visste du at … 

… havnivået ikkje stig når isflak som flyt på havet smeltar? Det er når isen inne på land smeltar og renn ut i havet, at havet stig.

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt

Kva skjer med oss? 

Menneske treng luft, vatn, mat og ein trygg stad å bu. Alt dette står i fare for å verta øydelagt av klimaendringar.

Vassmangel

La Paz er hovudstaden i Bolivia. Der er det stor mangel på ferskvatn, sidan det vert mindre smeltevatn frå isbreane. Truleg vil alle i byen måtte flytta. Ferskvatn held på å få veldig stor verdi. Mange vil døy, og land vil kanskje starta krig for å få tak i meir vatn.

Ekstremt vêr

Når klimaet endrar seg, vert vêret annleis. Vi får fleire stormar som kan gjera store skadar, og gjera nokon område farlege å bu i. Då vert mange folk sende på flukt.

Avlingane døyr

Nytt klima kan gjera det vanskeleg å driva jordbruk. Matplantar treng ofte akkurat riktig mengde vatn og varme. For lite eller for myke kan gje dårleg haust, eller øydeleggja avlingane heilt. Mykje karbondioksid i lufta gjer også at kornsortar, som kveite, gjev mindre næring når ein et dei.

Kva vert gjort?

Over heile verda jobbar ein intenst med å stoppa global oppvarming, og med å takla klimaendringane. Det er ei stor oppgåve som krev at menneske, bedrifter og alle landa i verda arbeider saman. Ofte møter denne kampen sterk motstand. For å få det til må vi forska på problemet, endra måten vi lever på og få på plass nye lover. Men det viktigaste av alt er at ein verkeleg vil gjera noko.

Kjelder:

  • Vår fantastiske planet (2017)
    Orage Forlag AS
Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt