Firmanamn
Først må du tenkje på kva firmaet ditt skal heite. Eit firmanamn kan gjerne spegle produktet eller tenesta du sel, slik at kundane skjønner kva bedrifta tilbyr. Finn gjerne eit namn som kan bidra til å gi firmaet merksemd.
Dette tenkte nok gründeren av Tak og Pris AS på, då han skulle starte for seg sjølv. Kan du tenkje deg kva dette firmaet jobbar med?
Eller kva med reinhaldsbedrifta Reinhjort AS? Litt tøysete namn, men det blir lagt merke til.
Det er lurt å finne på fleire namn, slik at du har nokre alternativ å velje mellom – gjerne eit trygt og stødig namn og eit anna som er litt morosamare. Kva vel du?
Pass på at namnet ikkje blir for useriøst, då kan det vere vanskeleg for folk å ta deg på alvor. Det du vil, er at folk skal leggje merke til bedrifta og hugse namnet, slik at dei vender seg til deg viss dei har bruk for produktet ditt.
Kjem du på nokre firmanamn du liker godt? Finn minst tre firmanamn du synest er bra og tre du ikkje liker. Snakk saman om kva som gjer at du liker/ikkje liker firmanamna.
Domene
I dagens digitale verd er det avgjerande å ha ein nettstad. Når du har funne eit namn du liker til bedrifta di, må du sjekke om domenet for namnet er ledig, altså at ingen andre brukar akkurat dette domenet. Eit domene er internett- og e-postadressa til eit firma, og dette er viktig å ha. Då kan kundane dine raskt kontakte deg og finne nyttig informasjon om firmaet ditt.
Det er veldig lett å finne ut av om eit domene er ledig. Berre søk på firmanamnet du vil ha på norid.no. Denne nettsida har oversikt over alle registrerte domene.
Lat oss seie at du skal selje hårprodukt og firmaet ditt skal heite Hei Sveis. Du har funne ut at heisveis.no er ledig, og vil ha domenet for denne nettadressa. Då kan du kjøpe domenet gjennom nettsider som tilbyr denne tenesta, og som registrerer namnet for deg.
På norid.no finn du ei oversikt over alle som tilbyr slike tenester. Når du har kjøpt domenet til firmanamnet ditt, kan du opprette ei nettside og e-postadresser til bedrifta di.