Heksene si historie
Korleis blei dei beundra gudinnene frå antikken til vondskapsfulle hekser? Kva var årsakene til at kunnskap blei straffa som vondskapsfull verksemd, og kva tenker vi i dag om prosessane som førte til at tusenvis av kvinner, og menn, blei brende levande på bål?
Mannen tar over
For fleire tusen år sidan busette det seg mange ulike folkegrupper i Europa. Desse var oftast styrte av menn. Kulturen deira handla om krig og mannlege krigsgudar. Kvinnene blei derfor sett på som mindre verdifulle og meir farlege.
Grekarane tillét offentleg magi
Grekarane hadde stor respekt for magi, og denne var viktig i religionen deira. Men fattige kvinner som hadde kunnskap om medisin, kunne bli dømde til døden.
Romarane frykta opprør
Den romerske kulturen er sterkt påverka av den greske mytologien. Magi og trolldom var ein del av statsreligionen. I frykt for at fattige kvinner (og menn) med magiske krefter skulle starta opprør mot staten, blei dei ofte drepne.
Papirbakgrunn 8
Heksebrenninga startar
Mange trudde at trollkvinner kunne vekka opp dei døde. Dessutan kunne dei påverka vêret og spreia sjukdom. Den romerske keisaren Constantinus meinte at trolldom var farleg for menneska. Derfor byrja romarane å brenna hekser.
Isis-religionen
Isis var ei egyptisk gudinne. Ho var gudinne for trolldom og eit førebilete for magiske kvinner. Ho gjorde mange gode gjerningar. Då kristendommen voks, forsvann Isis-religionen.
Hekate – gudinne for heksene
I tidleg gresk mytologi blir det fortalt om Hekate som trolldomsgudinne. Eit bilete av henne blei ofte plassert i døropningar eller ved byportar. Folk trudde ho heldt det vonde borte. Om ho blei misnøgd, kunne ho sleppa inn vonde ånder.
Kristendommen forbyr trolldom
Kristendommen aksepterte ikkje trolldom og magi. Kyrkja trudde nemleg at heksene samarbeidde med djevelen.
Brent levande på bålet
Mange uskuldige blei brende levande på bålet. Ein trudde at heksene då ville forsvinna. I Noreg blei over 800 kvinner dømde for trolldom i perioden 1575–1670.
Øisteins krusedullhekser
Kjelder:
- Haxor, 2020
Orage Forlag AS
Bilet- og videorettar:
-
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Shutterstock
-
John William Waterhouse
-
Getty Images
-
Shutterstock
-
Shutterstock
-
Getty Images
-
William Blake og Mythology & Fiction Explained – Youtube
-
Ralph Gardiner
-
Getty Images
-