Heksene si historie

Korleis blei dei beundra gudinnene frå antikken til vondskapsfulle hekser? Kva var årsakene til at kunnskap blei straffa som vondskapsfull verksemd, og kva tenker vi i dag om prosessane som førte til at tusenvis av kvinner, og menn, blei brende levande på bål?

Accessibility icon Heksene si historie

Frå beundra gudinner til vondskapsfulle hekser

I den antikke verda var magi ein viktig del av samfunnet. Det var vanlegvis kvinner som utøvde magien som hadde nær samanheng med helse. I den antikke verda var desse kvinnene gudinner. Dei blei avbilda saman med kongen. Armear kom for å gjennomføra heilage ritual og kvinner som gjekk med barn, oppsøkte dei for å få hjelp til fødselen.

I dag blir ei heks vanlegvis framstilt som ei stygg gammal dame, bøygd over ei gryte der ho kokar saman eit brygg som skal skada andre. Ei heks er ei galen og vondskapsfull kvinne som ikkje lèt seg kontrollere. Korleis kunne dei beundra kvinnene fra den antikke verda bli forvandla til det biletet av hekser vi har i dag?

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Mannskulturar tar over

Ein teori om korleis ideen om hekser oppstod, har samanheng med perioden då indoeuropearar var i ferd med å komma vestover. Den mannsdominerte kulturen deira, som fokuserte på makt, krigarar og mannlege krigsgudar, tok over der meir passive kvinnelege gudinner tidlegare hadde herska. Oppfatningar om trolldom og kvinner som utførte det, blei endra med meir mannsdominerte samfunn og religionar.

Ønsker du å lese hele artikkelen?

Ved å logge inn får du full tilgang til artikkelen, samt Lærerrommet med engasjerende læringsstier og oppgaver du kan bruke i undervisningen.

Logg inn med Feide

Ønsker du å prøve ut fullversjonen av Skolerom?
Kontakt oss her!