Henry Ford

Henry Ford fann ikkje opp bilen. Det var heller ikkje han som fann opp samlebandet. Men det var han som først utvikla eit samleband som var stort nok til å masseprodusere bilar og gjere dei tilgjengelege for fleire.  

Oppveksten

Ford kom frå ein nokså fattig familie. Han vart fødd i 1873, på ein gard i staten Michigan i USA. Som barn var han ikkje spesielt interessert i gardsdrift. I staden brukte han tida til å skru frå kvarandre leikane sine for å studere korleis dei fungerte.  

I 1879, mens han framleis var tenåring, flytta Ford heimanfrå for å begynne som maskinistlærling i Detroit. I 1891 vart han tilsett som ingeniør ved Edison Illuminating Company. 

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Den første bilen

Snart kunne han bruke meir tid og pengar på å utvikle si eiga vogn utan hest. I 1896 ferdigstilte han sitt første sjølvgåande køyretøy som han kalte quadricycle. Den vesle bilen gjekk på bensin og hadde fire dekk som likna sykkeldekk. I staden for ratt hadde han ein styrepinne. Bilen kunne køyre i 32 kilometer i timen, og det var ganske imponerande den gongen.

Køyretøyet vart så populært at fleire rike folk vart interesserte. I 1899 kunne Ford derfor etablere sitt eige firma for å produsere bilar. Men verken dette firmaet eller andre firma han hadde vart nokon stor suksess.  

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Racerbilen 999

Ford var likevel bestemt på ikkje å gi opp. Han brukte i staden alle kreftene sine på å utvikle ein racerbil med 80 hestekrefter. Bilen kalte han «999». I oktober 1902 køyrde bilen inn til siger  i eit  bilrace.  

Ford Motor Company

Interessa for Ford tok seg fort opp igjen, og i 1903 vart fabrikken  Ford Motor Company etablert. Ford ville produsere enkle bilar til låg pris, slik at vanlege folk skulle kunne ha råd til bil. I 1908 lanserte han T-Forden, ein enkel bil til ein grei pris som var enkel å køyre, behageleg på humpete vegar og lett å ta vare på.  

Superpopulær

Bilen vart så populær at han vart seld raskare enn han kunne produserast. Fabrikken måtte finne ein ny måte å arbeide på for å møte den aukande etterspørselen.   

Samlebandet 

Løysinga vart  eit stort, bevegeleg samleband. I staden for at kvar tilsett skulle lage ein heil bil, fekk kvar mann ansvar for å setje saman ein eller to spesifikke delar. Bildelane vart deretter sende vidare til nestemann, og slik fortsette prosessen heilt til bilen vart ferdig.  

På denne måten vart produksjonen ekstremt effektiv, og i 1914 vart produksjonstida for ein T-Ford redusert frå 12 timar til berre 26 minutt og 30 sekund. Prisen på bilen gjekk også ned frå 850 dollar til berre 260 dollar. 

No begynte Ford også å produsere bilar på den andre sida av Atlanterhavet. Tidleg på 1920-talet var halvparten av alle bilar i verda T-Fordar 

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Ford Motor Company
Ford Motor Company

Kjedeleg jobb

Arbeidet langs samlebandet var frykteleg kjedeleg Mange av arbeidarane orka ikkje å jobbe der lenge, så utskiftinga vart stor.  Ford måtte tilsetje 53000 menneske kvart år for  å ha 14000 mann i arbeid til eikvar tid. Det måtte til for å halde produksjonen i gang.  

I 1914 ga Ford dobbelt så mykje løn til arbeidarane for å løyse dette problemet. Han gav dei tilsette fem dollar om dagen, ei rekordhøg løn for ein arbeidar utan utdanning,. No som gutane sjølve hadde råd til å kjøpe bilane dei produserte, vart jobben mykje meir ettertrakta, og Ford kunne dermed sikre posisjonen som den leiande bilprodusenten i verda.  

Ford lever vidare 

Salet av T-Forden gjekk ned etter kvart som nye, raskare og meir komfortable bilar vart laga. Men i 1932, i ein alder av 69 år, lanserte Ford den siste store oppfinninga si: den billige, lette V8-motoren. Ford skulle tilbake på toppen

I 2019 var Ford Motor Company den fjerde største bilprodusenten i verda, og den største i USA. Her er eit eksempel på ein av dei nyare modellane til Ford, Focus ST. 

Kjelder:

  • Ny vitenskap: Historie (2018)
    Orage Forlag AS

Bilete- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Getty Images
    4. Ukjent
    5. Getty Images
    6. Getty Images
    7. Ukjent
    8. Getty Images
    9. Getty Images
    10. Ford Motor Norge AS