Henry Ford

Henry Ford fann ikkje opp bilen. Det var heller ikkje han som fann opp samlebandet. Men det var han som først laga eit samleband som var stort nok til å produsere veldig mange bilar samtidig. Dermed vart bilane billigare og fleire kunne kjøpe dei.   

Oppveksten

Ford kom frå ein nokså fattig familie. Han vart fødd i 1873, og budde på ein gard. Som barn var han ikkje interessert i gardsdrift. I staden brukte han tida til å skru frå kvarandre leikane sine for å studere korleis dei fungerte.  

Som tenåring flytta Ford heimanfrå for å begynne som maskinistlærling i Detroit. Der skulle han lære korleis maskinar og motorar fungerte. Etter dette vart han tilsett som ingeniør i ei bedrift.  

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Den første bilen

På den tida reiste folk i vogner som vart dregne av hestar. Henry Ford ville byggje ei vogn som kunne køyre utan hest. I 1896 laga han den første bilen sin, som han kalte quadricycle. Den vesle bilen gjekk på bensin og hadde fire dekk som likna sykkeldekk. I staden for ratt hadde bilen ein styrepinne. Bilen kunne køyre i 32 kilometer i timen, og det var ganske imponerande den gongen.  

Bilen vart så populært at fleire rike folk vart interesserte. I 1899 kunne Ford derfor starte sitt eige firma for å produsere bilar. Men verken dette firmaet eller andre firma han hadde vart nokon stor suksess. 

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Racerbilen 999

Ford var likevel bestemt på ikkje å gi opp. Han brukte i staden alle kreftene sine på å utvikle ein rask racerbil. Bilen kalte han «999». I oktober 1902 køyrde bilen inn til siger i eit  bilrace.  

Ford Motor Company

Etter sigeren i bilracet vart folk veldig interesserte igjen, og i 1903 vart fabrikken  Ford Motor Company starta. Ford ville produsere enkle, billige bilar, slik at vanlege folk skulle kunne ha råd til bil. I 1908 lanserte han T-Forden. Det var ein slik bil. Den var også enkel å køyre, behageleg på humpete vegar og lett å ta vare på. 

Superpopulær

Bilen vart så populær at han vart seld raskare enn han kunne produserast. Fabrikken måtte finne ein ny måte å arbeide på for å klare å byggje bilane fort nok.   

Samlebandet 

Løysinga vart  eit stort, bevegeleg samleband. I staden for at kvar tilsett skulle lage ein heil bil, fekk kvar mann ansvar for å skru saman ein eller to delar. Bildelane vart deretter sende vidare til nestemann, og slik fortsette prosessen heilt til bilen vart ferdig.  

Slik vart produksjonen ekstremt effektiv. Før hadde det teke 12 timar å lage éin bil. No tok det berre 27 minutt. Prisen på bilen gjekk også ned frå 850 dollar til berre 260 dollar. 

No begynte Ford også å produsere bilar på den andre sida av Atlanterhavet – her i Europa. Ikkje lenge etter var over halvparten av alle bilar i verda bygde på Ford-fabrikkane.   

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Ford Motor Company

Kjedeleg jobb  

Arbeidet langs samlebandet var veldig kjedeleg Mange av arbeidarane orka ikkje å jobbe der lenge.  Ford måtte tilsetje 53000 menneske kvart år, og det måtte alltid vere  14000 mann på jobb. Viss ikkje, hadde produksjonen stoppa.  

I 1914 ga Ford dobbelt så mykje løn til arbeidarane, slik at dei skulle ønskje å behalde jobben. Dei fekk ei rekordhøg løn, og då fekk dei også råd til eigne bilar.  Så jobben var kjedeleg, men dei tente veldig bra.   

Ford lever vidare 

Salet av T-Forden gjekk ned etter kvart som nye, raskare bilar vart laga. Men Ford skulle tilbake til toppen.  I 2019 var Ford Motor Company den fjerde største bilprodusenten i verda, og den største i USA.  

I 2019 var Ford Motor Company den fjerde største bilprodusenten i verda, og den største i USA. Her er eit eksempel på ein av dei nyare modellane til Ford, Focus ST. 

Kjelder:

  • Ny vitenskap: Historie (2018)
    Orage Forlag AS

Bilete- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Getty Images
    4. Ukjent
    5. Getty Images
    6. Getty Images
    7. Ukjent
    8. Getty Images
    9. Getty Images
    10. Ford Motor Norge AS