Historia til demokratiet: Dei første demokratia
I dag tek vi ofte demokratiet for gitt, men demokratiet har òg hatt ei historie. Korleis starta demokratiet, eigentleg?
Første del
Denne artikkelen er den første av fire delar i artikkelserien om historia til demokratia. I denne artikkelen skal vi sjå på korleis dei første tankane om maktfordeling vart til.
Makt og maktfordeling
Noreg er eit demokrati, som betyr at folket bestemmer. Men kven sit eigentleg med makta i Noreg då?
Bilde av en hånd som slipper en stemmeseddel ned i en valgurne.
Illustrasjon av maktfordelingsprinsippet.
Menneske levde i mindre grupper
Heilt i starten av menneskets historie budde dei ikkje i samfunn slik som i dag. Dei levde som jegerar og sankarar i mindre grupper. Over tid vart det til større samfunn som ofte vart styrte av éin leiar.
Steinalderstamme i skogen.
Pericles holder en tale for folket i det gamle Athen.
AI-generert bilde av en full gate i Athen med masse mennesker i antikkens hellas.
Frankrike på 1700-talet
I Frankrike hadde kongen makta. Folka og han sjølv trudde han hadde fått makta direkte frå Gud. Kongen laga lovene i landet. Han bestemte kven som skulle betale skatt og kor mykje dei skulle betale. Kongen kunne òg bestemme kva folk kunne eige.
Inngangen til palasset til Louis XV.
Ulike stender
Folket i Frankrike var delte inn i ulike «stender», altså samfunnsgrupper eller klassar. Viss du var fødd inn i ein av desse stendene, tilhøyrte du same standen heile livet. Gruppene vart kalla for førstestanden, andrestanden og tredjestanden.
- I førstestanden var dei geistlege som jobba i kyrkjene. Det kunne vere prestar og biskopar.
- I andrestanden var adelen. Dette var dei rike i samfunnet og riddarar. Riddarane var ofte tilsette hos kongen som dei private soldatane hans.
- Tredjestanden var bønder, handverkarar og dei som produserte varer.
- I tillegg fanst dei standslause som levde i stor fattigdom.
Kva slags rettar trur du dei standslause hadde i samfunnet?
Innsiden av domkirken Notre Dame i Paris
Tredjestanden
Tredjestanden vararbeidarar, handelsmenn, handverkarar og bønder. Det var berre dei i tredjestanden og dei standslause som måtte betale skatt. Ingen av desse fekk noko igjen for det. Dei fekk heller ikkje vere med på å bestemme kva pengane skulle brukast til.
AI-generert bilde av franske arbeidere på 1800-tallet som jobber på en åker
Ai-generert bilde av en fransk bonde som ser i kameraet.
Voltaire (1694-1778)
Den franske filosofen Voltaire meinte at menneske skulle ha rett til å seie og meine kva dei ville. Utan at dei vart straffa for dette. I tillegg skulle alle bli behandla likt. Alle måtte til dømes betale skatt.
Den mest kjende utsegna om ytringsfridom til Voltaire var: «Eg er usamd i det du seier. Men eg vil med livet mitt forsvare retten din til å seie det». Han sa ikkje dette sjølv, men utsegnet er henta frå boka «Voltaire’s vener» frå 1906.
Tegning av Voltaire på gammelt papir.
Charles-Louis Montesquieu (1689-1755)
Charles-Louis Montesquieu var ein annan fransk filosof. Han meinte at samfunnet måtte bli organisert annleis, slik at ikkje berre kongen hadde makt. Makta måtte bli delt mellom lovgivande, utøvande og dømmande makt – slik vi har i Noreg i dag. Dette blir kalla maktfordelingsprinsippet.
Tegning av Montesquieu på gammelt papir.
Jean-Jacques Rousseau (1712-1778)
Jean-Jacques Rousseau var òg ein kjend opplysningsfilosof. Han meinte at makta skulle liggje hos folket. Han meinte òg at alle var fødde gode, og at vi burde leve på lag med naturen.
Tegning av Jean-Jacques Rousseau på gammelt papir
Illustrasjon av Jean Jacques angivelig siste ord før han døde.
Kjelder:
- Heintz, Ole; Heintz, Natascha: mennesket – opprinnelse og utvikling i Store norske leksikon på snl.no. Henta 6. juli 2022 frå https://snl.no/mennesket_-_opprinnelse_og_utvikling
- Mæhle, Ingvar Brandvik; Østby, Erik; Steen, Tone: Det athenske demokrati i Store norske leksikon på snl.no.
Henta 6. juli 2022 frå https://snl.no/Det_athenske_demokrati
- Hovde, Kjell-Olav; Svensson, Palle; Thorsen, Dag Einar: demokrati i Store norske leksikon på snl.no.
Henta 6. juli 2022 frå https://snl.no/demokrati
- Tøllefsen, Trond Ove: stender i Store norske leksikon på snl.no. Henta 6. juli 2022 frå https://snl.no/stender
- Krefting, Ellen: opplysningstiden i Store norske leksikon på snl.no. Henta 6. juli 2022 frå https://snl.no/opplysningstiden
- Østberg, Kai Peter; Tønnesson, Kåre: Den franske revolusjon i Store norske leksikon på snl.no. Henta 6. juli 2022 frå https://snl.no/Den_franske_revolusjon
Bilde- og videorettar:
-
-
Midjourney
-
Kommunal- og regionaldepartementet
-
Midjourney
-
Midjourney
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Midjourney
-
Midjourney
-
Offentlig eiendom/Pixabay.com
-
Offentlig eiendom/Pixabay.com
-
Offentlig eiendom/Pixabay.com
-
Getty Images
-
Getty Images
-