Historia til demokratiet: Revolusjonane

Demokratiet har ikkje oppstått av seg sjølv. Tankar om endring har ført til store revolusjonar fleire stader i verda, men korleis skjedde dette?

Accessibility icon Historia til demokratiet: Revolusjonane

Andre del

Denne artikkelen er den andre av fire delar i artikkelserien om historia til demokratiet. I denne artikkelen skal vi sjå på korleis tankane frå opplysningsfilosofane spreidde seg til andre land, og var med på å starte fleire revolusjonar.

Se heile serien her

AI-generert bilde av en revolusjon. Kamper i gatene

Den amerikanske revolusjonen

Det var ikkje berre i Frankrike at folket hadde lite makt. Slik var det i dei fleste land i Europa på 1600- og 1700-talet. Mange flytta til Nord-Amerika på grunn av fattigdom. Men også fordi mange vart forfølgde på grunn av religiøs tru.

Kolonisering

Dei som flytta, busette seg ofte saman med folk frå same land. Dette kallar vi ein koloni. Det kunne verte krig mellom koloniane, særleg mellom engelskmenn og franskmenn. I løpet av 1700-talet klarte Storbritannia å erobre Canada og delar av Louisiana frå Frankrike. Dette førte til at Storbritannia styrte Nord-Amerika.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Skip med innvandrere på vei inn til New York.
Skip med innvandrere på vei inn til New York.

USA blir danna

Mange av innbyggarane som blei fødde i Nord-Amerika, hadde aldri vore i England. Dei kjende seg likevel britiske. Sjølv om dei budde langt unna England, måtte dei betale skatt til kongen. Skatten blei brukt til krig og luksus. Dei amerikanske busetjarane syntest det var blodig urettferdig. Dei starta derfor opprør mot England.

Dei 13 britiske koloniane slo seg saman og kalte seg USA – United States of America (Dei sameinte amerikanske statane). Saman skreiv dei «Sjølvstendeerklæringa». Der står det blant anna at koloniane skal frigjerast frå Storbritannia.

Sjølvstendeerklæringa utløyste ein krig mellom koloniane og Storbritannia. 

Les meir om Den amerikanske revolusjonen her.

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt
Fjærpenn som ligger på den amerikanske uavhengighetserklæringen.
Fjærpenn som ligger på den amerikanske uavhengighetserklæringen.

Krig i Amerika

Koloniane fekk hjelp frå Frankrike. Dei håpa dermed å få bestemme meir sjølve i Nord-Amerika etter krigen.

Koloniane, med hærførar George Washington i spissen, kjempa ein hard kamp mot Storbritannia. Washington og USA stod igjen som vinnarane. Koloniane vart sjølvstendige i 1783. George Washington vart den første presidenten i USA.

Fordele makta

Korleis skulle USA organiserast no? Då kom tankane frå opplysningsfilosofane til nytte. Makta vart fordelt slik Montesquieu hadde beskrive i maktfordelingsprinsippet. Dei fekk ei lovgivande, ei utøvande og ei dømmande makt.

AI-generert bilde av et slag under frigjøringskrigen i USA.
AI-generert bilde av et slag under frigjøringskrigen i USA.

Ikkje full fridom

Ein skulle tru at det no vart likskap for alle. Dessverre vart det ikkje slik. For å stemme måtte ein vere kvit mann med eigen eigedom. Då var det ikkje mange igjen som kunne stemme. 

📷  Kart over dei første 13 amerikanske statane i 1783 etter frigjeringskrigen.
Bilde av kart over de første statene i USA på murbakgrunn.
Bilde av kart over de første statene i USA på murbakgrunn.

Starten på Den franske revolusjonen

Det kosta mykje pengar for den franske kongen å kjempe mot Storbritannia. Han meinte derfor at bønder og fattige skulle betale meir skatt. Dette måtte han få støtte frå i dei ulike stendene.

Frankrike var inndelt i stender. Rikdom, arv og yrke avgjorde kva stand ein hamna i. Dei rikaste og mektigaste i første- og andrestanden var redde for at dei fattige i tredjestanden skulle få for mykje makt. Sidan tredjestanden var i stort fleirtal, bestemte dei at dei skulle bli nasjonalforsamlinga i landet.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Louis XVI kommer tilbake fra Versailles til Paris
Louis XVI kommer tilbake fra Versailles til Paris

Revolusjon!

Kongen nekta tredjestanden å utpeike seg til nasjonalforsamling. Tredjestanden ville ikkje gje seg. 

Resultatet vart krig og det vi kallar ein revolusjon. Tredjestanden kravde store forandringar i landet, og det måtte skje raskt. I Paris vart det store kampar, og innbyggjarane kjempa mot soldatane til kongen.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
AI-generert bilde av kamper under den franske revolusjonen i gatene i Paris.
AI-generert bilde av kamper under den franske revolusjonen i gatene i Paris.

Fridom, likskap og brorskap

«Fridom, likskap og brorskap» vart slagordet til folket under revolusjonen.

For folket var det viktig at samfunnet var rettferdig. At dei rikaste ikkje beheldt alle pengane. Dei ønskte og at alle skulle ha like rettar uavhengig av stender. I tillegg kunne kongen få behalde noko av makta.

Slottet Versailles utanfor Paris vart staden der nasjonalforsamlinga samla seg for å lage ei erklæring om menneskerettar. Her brukte dei tankar frå opplysningsfilosofane som grunnlag for menneskerettserklæringa. 

Noko av det nye var at dei meinte staten skulle verne innbyggjarane. Dei skulle sørgje for at ingen vart sette i fengsel utan lov og dom.

Noko av det som står i menneskerettserklæringa, er retten til fridom, like rettar og at folket skal bestemme. I tillegg at ingen må bli forfølgde på grunn av meiningane sine, og at alle kan snakke, skrive og gi ut meiningane sine fritt.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
AI-generert bilde av kamper fra gatene i Paris.
AI-generert bilde av kamper fra gatene i Paris.

Fridommen til mennesket og måtar å fordele makt på vart viktige punkt for både amerikanarane og franskmennene. Samtidig er det ikkje alltid forandringar blir til det beste sånn med ein gong.

I den tredje delen om historia til demokratiet får du lese om kva som skjedde då Napoleon Bonaparte fekk makta i Frankrike.

Les tredje del av Historia til demokratiet: Maktkampar

Kjelder:

Bilde- og videorettar:

  1. Midjourney
  2. Getty Images – YouTube
  3. Getty Images
  4. Midjourney
  5. Offentlig eiendom/Pixabay.com
  6. Getty Images
  7. Midjourney
  8. Midjourney
  9. Getty Images
  10. Midjourney