Historia til demokratiet: Maktkampar

Det blir ikkje alltid fred med ein gong etter ein revolusjon. Kva skjedde etter den franske revolusjonen då mange ønskte å få makta?

Accessibility icon Historia til demokratiet: Maktkampar

Tredje del

Dette er den tredje av fire delar i artikkelserien om historia til demokratiet. Som du las i andre delen om historia til demokratiet, spreidde nye tankar om menneskeverd, fridom og maktfordeling seg og førte til store revolusjonar fleire stader i verda. Men kva skjedde etterpå?

Se heile serien her

sinte mennesker i gatene i Paris. Ai-generert.

Naboland blanda seg

Land rundt Frankrike vart redde for utviklinga. For tenk om det starta ein revolusjon hos dei sjølve? Styrkar vart sende inn for å hjelpe den franske kongen, sjølv utan at kongen hadde bede om hjelp. Folka trudde kongen hadde bede om hjelp. Dei meinte derfor at kongen hadde forrådd sitt eige folk.

Kongeflagget vart bytt ut med eit nytt – trikoloren. Den nye nasjonalsongen – Marseillaisen – lydde. Nasjonalforsamlinga drap soldatane til kongen, sette fyr på slottet og tok makta frå kongen.

Kongefamilien prøvde å flykte frå landet, men vart fanga. Kongen og dronninga vart først kasta i fengsel. Seinare vart dei halshogne i ein giljotin. Det er ei skarp øks som fell frå eit høgt stativ og høgg hovudet av folk.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Den franske kongen blir henrettet på en giljotin.
Den franske kongen blir henrettet på en giljotin.

Avrettingar

Trur du at alt vart bra etter dette? Vel, då må du tru om igjen. No starta kampen om makta. Alle var redde. Mange av dei som ville avslutte revolusjonen, vart avretta. I løpet av eitt år vart så mange som 40 000 avretta. 

«Det nye Frankrike» fekk til slutt ferdig ei grunnlov. Mannen som tok over makta, var Napoleon Bonaparte.

Lær meir om Napoleon sitt liv her

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
En stor folkemengde ser på at en person blir ført fram til giljotinen som kappet hodet av folk.
En stor folkemengde ser på at en person blir ført fram til giljotinen som kappet hodet av folk.

Kvinnenes kamp for likestilling

Marie Olympe de Gouges (1748-1793) vart sint fordi stemma til kvinner ikkje hadde noko å seie i det nye Frankrike. Ho var ikkje redd for å snakke om ideane sine. Mange likte ikkje dette. Dei arresterte henne og dømde henne til døden. Tankane hennar og idear om like rettar for kvinne og mann levde vidare.

Kvinnemarsjen mot Versailles
Kvinnemarsjen mot Versailles

Napoleon Bonaparte (1769-1821)

Trur du folket fekk all makt etter den franske revolusjonen? Nei, Napoleon var nok for oppteken av å behalde makta sjølv. Han krona seg til og med til keisar. Det er eit anna namn for konge.

Napoleon i front av en gruppe med soldater til hest.
Napoleon i front av en gruppe med soldater til hest.

Makt og sensur

Under Napoleon vart det innført strenge lover. Folk hadde rett til å ha eigedommar. Alle var like for lova og skulle bli straffa på lik linje. Men det var framleis nokon som vart gløymde – kvinnene. Dei hadde framleis ingen rettar.

Napoleon lei fleire nederlag og tapte slag mot folket. Han vart fanga og send i eksil til Sankt Helena. Her døydde han. Eksil er å bli tvangsflytta frå staden du bur, til eit heilt annan stad. Kongedømmet vart igjen innført i Frankrike.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Revolusjon fører ikkje alltid til fred

Nye tankar om korleis ein skal styre eit samfunn, fører ikkej alltid til at alt fungerer med ein gong. Spesielt ikkje viss mange vil ha makta.

Men korleis vart Noreg eit eige land med eiga grunnlov? I den fjerde og siste delen om historia til demokratiet kan du lese om ein svært kort krig mellom Noreg og Sverige, og det overraskande forslaget til den svenske kongen.

Les siste del av Historia til demokratiet: Noregs frigjering

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
AI-generert bilde. Napoleon sitter å ser utover horisonten fra St.Helena.
AI-generert bilde. Napoleon sitter å ser utover horisonten fra St.Helena.

Kjelder:

 

Bilde- og videorettar:

    1. Midjourney
    2. Getty Images
    3. Getty Images
    4. Getty Images
    5. Getty Images
    6. Getty Images
    7. Midjourney