Som journalist samlar du inn opplysingar, som du analyserer og vurderer, før du formidlar desse gjennom ulike media som aviser, radio, fjernsyn, internett, magasin, tidsskrift med meir.
Ofte er du tilsett i ein redaksjon og arbeider med eit bestemt område, for eksempel nyheiter, sport, kultur, utanriks eller anna. I små redaksjonar arbeider journalisten ofte innanfor fleire ulike område. Nokon journalistar spesialiserer seg også innan ulike media, for eksempel som videojournalist.
Vanlege arbeidsoppgåver for ein journalist:
- samle inn informasjon gjennom observasjonar, intervju, videoar eller bilde
- tilverke informasjonen, for eksempel gjennom å skrive ein artikkel
- presentere informasjonen for lesarar, lyttarar og sjåarar i form av artiklar, reportasjar eller notisar
- kjeldepleie og kjeldekontakt
- førebu intervju eller debattar
- gjere research
Journalisttittelen er ikkje ein verna tittel, og kven som helst kan kalle seg journalist. Journalistrolla utøvast innan etiske og juridiske reglar, som mellom anna er nedfelte i Ver varsam-plakaten. Språket og framstillinga av ei sak skal tilpassast i tråd med denne. Å framstille ei sak sett frå fleire sider, stille kritiske spørsmål og å verne kjeldene sine er nokre av dei viktigaste journalistikkfaglege prinsippa.
Journalisten har lojaliteten sin hos publikum, og skal basere sine saker på frie journalistiske vurderingar. Det betyr at ein journalist ikkje skal la seg pressa til å formidla informasjon i tråd med interessene til andre. Journalistar skal vere auga og kontrollen i samfunnet overfor regjering, Stortinget og domstolane, og derfor kallar me ofte journalistar for vaktbikkja i samfunnet.
Yrket må ikkje forvekslast med ein kommunikasjonsrådgivar, som arbeider med å formidle bestemte bodskap.