Hjelp, eg skal skrive …
Kvar skal eg begynne?
Skrivearbeid
Skrivearbeid er nemleg eit arbeid. Det ligg mykje arbeid bak dei gode tekstane. Det verkar kanskje ikkje slik når du ser at andre skriv for harde livet, men det blir kravd forarbeid.
Det er faktisk det du gjer før du skriv, som er det viktigaste. Det er nemleg her dei gode ideane blir arbeidde fram. Ikkje sit og vent på at dei gode ideane skal dukke opp. Brett heller opp ermane og set i gang med jobbinga. Er du klar?
Blank Word-bakgrunn
Skrivetrekanten i Word-format på nynorsk
Kva slags type tekst skal eg skrive?
Vegen vidare er avhengig av kva slags tekst du skal skrive. Skal du skrive ein skjønnlitterær tekst eller ein saktekst?
- Skjønnlitterære tekstar er til dømes forteljingar, noveller og eventyr.
- Saktekstar er til dømes fagartiklar, debattinnlegg, nyheitsartiklar og lesarbrev.
Saktekst
Viss du skal skrive ein saktekst, kan du gå fram på ein litt annan måte. Her er målet ditt å informere eller å overtyde lesaren om eit tema. Du må vere sakleg og tydeleg. Her er det ein god struktur som er viktig. Derfor er det mange elevar som helst vil skrive saktekstar.
Eit godt utgangspunkt er ein tekst med fem avsnitt: eit avsnitt til innleiing, tre avsnitt i hovuddelen og eit avsnitt til avslutning. Her kan du sjølvsagt leggje til fleire avsnitt ved behov.
Word-bakgrunn med femavsnittsregelen
Nøkkelord
Når du les ei oppgåve, bør du markere tre nøkkelord som du tenkjer er viktige for oppgåva. Viss du skal skrive ein debattartikkel i avisa om ein farleg skuleveg, kan det hende at dette blir nøkkelorda:
Det er skummelt å gå til skulen fordi bilane køyrer så fort, og om hausten er det skikkeleg mørkt og skummelt. På vinteren er det lyst, men då må vi gå midt i bilvegen fordi det er så mykje snø og brøytekantar overalt. Eg veit ikkje kva eg skal skrive, men det er innmari mange bilar der når vi går til skulen. Eg trur det er mange foreldre som køyrer barna sine til skulen om morgenen. Eg går til skulen, og det gjer eigentleg alle vennene mine. Nokre syklar, og då syklar dei saman med bilane eller der kor vi går. Det er vanskeleg å sykle til skulen fordi det er så trongt på fortauet, og vi har ikkje sykkelsti. Eg veit ikkje kva eg skal skrive, men eg synst det er kjipt at nokre er redde for å bli køyrde på av bilar på veg til skulen. Kanskje det er derfor det er så mange som blir køyrde til skulen. Det er ikkje så digg å gå i den eksoslukta, og sjølv om mange har elbil, så er det litt skummelt også fordi dei ikkje lagar lyd.
Blank Word-bakgrunn
Temasetningar
No skal du lage tre temasetningar ut ifrå orda du har markert. Ei temasetning kan vere ein påstand som «kattar er meir intelligente enn hundar». Ei temasetning kan òg vere ei faktaopplysning som «refleks gjer det lettare å bli sett i trafikken». Desse temasetningane skal starte dei tre avsnitta som er hovuddelen i teksten din. I dette tilfellet kan det til dømes vere:
- Skulevegen er mørk og uoversiktleg.
- Vi treng ein sykkelsti.
- Mange blir køyrde til skulen fordi dei er redde for skulevegen.
Kommentarsetninger
No skal du forklare, utdjupe og grunngje kvar av desse setningane, gjerne med døme. Dette blir kalla kommentarsetningar.
Til dømes:
Skulevegen er mørk og uoversiktleg
Viss du har gått til Ekornbakken skule ein tidleg morgon, har du sikkert lagt merke til at det er dårleg opplyst. Faktisk manglar det gatelys langs store delar av vegen. Spesielt mørkt er det på hausten, allereie frå skulestart kan det vere mørke morgonar. Dette er skummelt både for barna som går til skulen og for bilane på vegen. Sjølv om mange av barna bruker refleks, er det òg mange som ikkje gjer det. Skulevegen blir brukt både av dei som går og dei som syklar, og det kan lett oppstå farlege situasjonar. Det blir lysare når snøen kjem, men dette gjer berre vegen endå farlegare. På grunn av høge brøytekantar må skulebarn ofte gå midt i bilvegen på veg til skulen.
Prøv å skrive minst fire-fem kommentarsetningar til kvar temasetning. Når du har gjort dette, sit du igjen med tre avsnitt – og hovuddelen av teksten din.
Blank Word-bakgrunn
Ferdig!
Skrivearbeid kan vere utfordrande, men mykje av arbeidet ligg i god planlegging. Dei gode tekstane tek litt tid, men alt blir lettare med trening. Kos deg med skrivearbeidet, og finn stemma di. Du veit at det er derfor du skriv – for at stemma di skal bli høyrd, ikkje sant?
Kul jente med laptop i fanget jubler over å egen innsats
Kjelder:
- NTNU | Skrivesenteret (10.11.2021):
http://skrivesenteret.no/
- Intertekst (10.11.2021):
https://intertekst.portfolio.no/
- Norsksidene (10.11.2021):
https://norsksidene.no/web/
Bilde- og videorettar:
-
-
Skolerom
-
Skolerom
-
Skolerom
-
Getty Images
-
Skolerom
-
Skolerom / Getty Images
-
Skolerom
-
Skolerom
-
Getty Images
-
Skolerom
-
Skolerom
-
Getty Images
-