Huda – vårt største organ
Huda er vernet ditt mot verda utanfor. Ho er tynn, tjukk, følsam og slitesterk – og mykje meir.
Eit stort organ
Huda er det største organet. Om huda vart bretta ut, ville ho vere cirka 1,6 kvadratmeter stor og vege rundt 3 kilo. Huda er sterk og elastisk, og ho er livsviktig.
Nærbilde av huden på en hånd
Anatomi av huden
Svette
Hår, talg og gåsehud
Hår vert danna i hårsekken i huda. Det består av døde celler som vert skuva opp gjennom huda. Øvst i kvar hårsekk er det festa ein taglkjertel. Her vert det produsert talg, som er eit feittstoff. Talgkjertlane set gjerne i gong for fullt i puberteten. Talgen følgjer med hårstrået opp til hudoverflata og lagar kviser.
Til kvar einaste hårsekk er det også festa ein bitte liten muskel. Når han vert samantrekt, får det håret til å reise seg. Det er det som skjer når vi får «gåsehud».
Anatomi av hår
Kjenslevare stader
I mellomlaget til huda, lêrhuda, finst såkalla «kjenslepunkt». Dei reagerer på berøring, trykk og smerte. Huda i ansiktet, på hendene, føtene, kjønnsorgana og brystvortene er meir kjenslevar enn huda på andre delar av kroppen. Det er fordi huda her har ekstra mange punkt som kan registrere kjensler.
Hånd i en bøtte med isbiter
Ung kvinne som gjemmer ansiktet i hendene sine
Lukta av kjærleik
Huda spelar også ei viktig rolle når to menneske blir forelska. Vi sender ut ulike signal for å tiltrekkje oss ein aktuell kjærast eller partnar. Det handlar ofte om utsjånad eller lukt. I vår moderne kultur er naturleg hud og lukt eit signal om at ein er «ustelt». Derfor bruker vi sminke, deodorant og sjampo.
Ung mann som sprayer seg med parfyme
Barnehender med forskjellige etnisitet
Kjelder:
- Holck, Per: organ – biologi i Store norske leksikon på snl.no.
Henta 17. februar 2021 frå https://snl.no/organ_-_biologi
- Langeland, Tor: huden i Store medisinske leksikon på snl.no.
Henta 17. februar 2021 frå https://sml.snl.no/huden
- Langeland, Tor: hår i Store medisinske leksikon på snl.no.
Henta 18. februar 2021 frå https://sml.snl.no/hår
- Langeland, Tor: svettekjertler i Store medisinske leksikon på snl.no.
Henta 17. februar 2021 frå https://sml.snl.no/svettekjertler
- Ny vitenskap om kroppen (2019)
Orage AS
- Langeland, Tor: fregner i Store medisinske leksikon på snl.no.
Henta 4. mars 2021 frå https://sml.snl.no/fregner
- svette i Store medisinske leksikon på snl.no.
Henta 4. mars 2021 frå https://sml.snl.no/svette
Bilet- og videorettar:
-
-
Getty Images / NRK Skole
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images / AsapSCIENCE – YouTube
-
Getty Images
-
Getty Images / NRK Skole
-