Kva no?

Her finn du to korte historier om ungdommar som står overfor eit dilemma, og må ta eit sjølvstendig val. Kvar historie endar med eit spørsmål der du skal tenkje over kva du synest ungdommen bør velje. Deretter følgjer refleksjonsspørsmål som de kan diskutere i grupper.

Drikkepress

Han visste at dei andre skulle gjere det. Det hadde vore alt dei prata om i fleire veker, kjendest det som. Kva skulle dei drikke, kven skulle dei skaffe det frå? Kor skulle dei gøyme det så dei ikkje vart tekne? Kor mykje skulle dei drikke, kor skulle dei gjere det, kva skulle dei gjere etterpå og så vidare. Dei kviskra og tiska i alle krikar og krokar, hemmelege chat-grupper gjekk varme med rykte ispedd noko fakta, og intrikate handteikn og symbol flaug på kryss og tvers i klasserommet. 

Han var sikker på at både lærarar og foreldre hadde skjønt at noko var på gang for lengst. Men kva, det skjønte dei sikkert ikkje. Spesielt fordi det meste av kommunikasjonen gjekk føre seg bak lukka dører –  i sosiale medium – rom der ingen vaksne hadde tilgang.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Han deltok i samtalen han òg. Sende emojiar med dobbel betydning til alle andre medsamansvorne, reposta velvillig det siste ryktet om kven som selde kva, vidare. Han blunka lurt til dei andre idet dei passerte kvarandre i gangen. 

Lest som om han var spent – akkurat som dei andre. Lo og spøkte om kven som ville drikke mest, bli fullast, gjere dei villaste dustestunta i fylla – akkurat som dei andre. Haussa opp stemninga – akkurat som dei andre. Vipsa pengar og henta flasker på avtalt stad – akkurat som dei andre.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Men. Han ville jo eigentleg ikkje drikke. Ikkje i det heile, faktisk. Korleis seie dét til dei andre? 

Dei prata og lo, men orda «Nei, takk, eg har ikkje lyst til å drikke, eg», såg det ut til at ingen kunne ytre.

Kva synest du guten skal gjere no?

Diskuter følgjande i små grupper:

  • Kva synest du guten skal gjere no? Forklar svaret ditt. 
  • Korleis kan guten forklare for vennene sine at han eigentleg ikkje vil drikke? Skriv ned 3-5 gode argument guten kan nytte for å seie nei. Gjerne fleire viss de kjem på. 
  • Treng ein ei unnskyldning for ikkje å drikke, eller held det å seie nei takk? Grunngi svaret ditt. 
  • Korleis trur du vennane til guten vil reagere viss han seier at han ikkje vil drikke? Korleis burde dei reagere, for å ta omsyn til valet til guten? 
  • Kva er drikkepress? Kvifor utset nokon andre for drikkepress? Korleis kan ein motstå drikkepress?

Røykje hasj

Kvelden hadde vore super så langt. Heime-åleine-fest. Akkurat passe mange folk. Stemninga i taket, utan kaos og bråk. Musikk, latter, varme kroppar, delte løyndommar. Heilt perfekt!

No sat dei ute i hagen. Det var mørkt, men lyset fløymde ut av vindauga i stova. Det lukta tidleg sommar, og natta var mild. Graset var litt fuktig, men dei hadde drege ut pledd og sofaputer. 

Plutseleg var dei der. To jointar. Ein lighter flamma opp, og den lett søtlege røyklukta som følgde var lett å kjenne igjen. Ho følte med eitt eit ubehag; dette hadde dei ikkje snakka om på førehand. Ingen i vennegjengen hennar pleidde å røykje hasj på fest.

Jointane reiste frå hand til hand og munn til munn rundt sirkelen. Den eine jointen nærma seg henne. 

Skulle ho ta imot og ta eit trekk? Ho hadde eigentleg bestemt seg for å ikkje prøve hasj, men no var han jo der? Det gneistra i tobakken idet venninna til venstre trekte inn røyken. Så sende ho jointen vidare. Jenta sat med eitt med det tynne papiret og det ulovlege innhaldet mellom to fingrar.

Kva synest du jenta skal gjere no?

Diskuter følgjande i små grupper:

  • Kva synest du jenta skal gjere no? Forklar svaret ditt.
  • Jenta hadde eigentleg bestemt seg for å ikkje prøve hasj. Kvifor vurderer ho det likevel no, trur du?
  • Kva kan jenta seie til vennene sine for å seie tydeleg nei? Lag ei liste med 3 – 5 gode argument. 
  • Cannabis (inkludert hasj og marihuana) er eit ulovleg rusmiddel. Kva betyr det? Gjer eit søk, og finn ut.

Bilde- og videorettar:

    1. Midjournay
    2. Midjournay
    3. Midjournay
    4. Midjournay
    5. Midjournay
    6. Midjournay
    7. Midjournay