Idealbyen til da Vinci

Leonardo da Vinci hadde idear om å skapa den perfekte byen.

Accessibility icon Idealbyen til da Vinci

Byplanlegging i oldtida

Byplanleggarar har gjennom alle tider hatt som mål å skapa den perfekte byen. Ein by som er trygg for angrep utanfrå, har god tilførsel av ferskvatn og ligg smart til med omsyn til handel. Døme på slike byar frå oldtida er Jeriko (9000–6000 f.Kr) nord for Daudehavet og Uruk (3000 f.Kr) som låg sør i det som i dag er Irak. Dei som bygde byane tok ofte meir omsyn til dei rike enn til dei fattige. Hygiene var ofte eit problem i dei trangbudde byane i oldtida.

Arkitekten bak idealbyen

I renessansen på 1400-talet skreiv den italienske arkitekten Filarete eit verk om Den perfekte byen. I 1456 byrja han å planlegga sjukehuset i Milano. Sjukehuset var det første me veit om der pasientane låg på kvart sitt rom, og der ein tok omsyn til hygiene og smittefare. Filarete gav også form til dei store bronsedørene til Peterskyrkja i Roma.

Idealbyen på bakgrunn
Idealbyen på bakgrunn

Den perfekte byen

På midten av 1400-talet skreiv Filarete boka Trattato d’architettura. Her beskriv han idealbyen Sforzinda. Byen har form som ei åttekanta stjerne og er omgjeven av ein sirkel. Geometriske former var mykje brukt i renessansen, både i arkitektur og kunst. Teikningane av denne byen var godt kjende i samtida, og Leonardo da Vinci studerte dette med stor interesse. Idealbyen til Filarete blei aldri bygd, men beskrivingane har hatt betyding for moderne byplanlegging.

Idealbyen Sforzinda
Da Vinci-bakgrunn
Da Vinci-bakgrunn

Byane spreidde sjukdom

I overgangen frå mellomalderen til renessansen blei fokuset ofte flytta frå Gud til mennesket. Korleis kunne mennesket få det best mogleg på jorda? Utfordringane handla ofte om byplanlegging. Svartedauden og andre pestsjukdommar hadde drepe nesten 1/3 av folket i Europa. Leonardo da Vinci var ein av mange som meinte at organiseringa av byane hadde mykje av skulda. Byane var ofte trange, møkete og utan frisk luft – eit perfekt utgangspunkt for spreiing av smittsame sjukdommar.

Idealbyen til Leonardo da Vinci

På 1480-talet teikna Leonardo ein by som ville løysa helse- og transportproblem. Han tok omsyn til ei av dei viktigaste utfordringane i byar: Å skilja gågater frå annan trafikk. Løysinga hans var å skapa ein by med ulike nivå. Det lågaste nivået skulle vera til transport, med breie gater og kanalar. Eit øvre nivå skulle fotgjengarar bruka. Her skulle det vera ope med tilgang til frisk luft. Hensikta med nivåa var å sikra innbyggarane frisk luft, reint vatn og sollys. Han teikna også eit underjordisk kloakksystem for å avgrensa smitte av sjukdommar.

Da Vinci-bakgrunn
Da Vinci-bakgrunn

Reinslegheit og sanitære forhold

Europa var svært belasta med ulike pestsjukdommar. Dei sanitære forholda i dei store byane var veldig dårlege. Spillvatn og kloakk rann ope ut i gatene der folk gjekk, og drikkevatnet blei ofte forureina. Med den ideelle byen ønskte Leonardo da Vinci å løysa dette problemet. Gjennom frisk luft, reint drikkevatn, reinslegheit og god avstand meinte han at mykje kunne bli løyst – ikkje ulikt koronapandemien i vår tid. Det er heilt avgjerande med god hygiene for å unngå smittespreiing.

Ambisjonane til Leonardo da Vinci var å endra byane med omsyn til hygiene og buforhold. Han ønskte å kjempa imot smittespreiing og pest. Byen blei aldri bygd, men takk vera nokre skisser kan me i dag sjå korleis han tenkte.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Ideelle byar i moderne tid

Me har berre skisser av den byen Leonardo da Vinci såg for seg, men nokre av ideane hans har blitt brukt i moderne tid. Moderne byar blir planlagde med tanke på god infrastruktur. Til dømes vegsystem, tryggleik for fotgjengarar og gode sanitære forhold. Ein som prøvde å laga ein perfekt by, i sine eigne auge, var Adolf Hitler. Ved hjelp av ein av sine næraste medarbeidarar, Albert Speer, fekk han bygd ein modell av Germania. Det skulle vera den perfekte hovudstaden i det nasjonalsosialistiske verdsriket. Desse planane blei det heller aldri noko av.

Kjelder:

  • Vold, Thurid; (2007), Tekst frå Arne Gunnarsjaas Arkitekturleksikon: Filarete i Store norske leksikon på snl.no.
    Henta 5. oktober 2020 frå https://snl.no/Filarete
  • Thorsnæs, Geir; Butenschøn, Peterby – historie i Store norske leksikon på snl.no.
    Henta 5. oktober 2020 frå https://snl.no/by_-_historie

Bilet- og videorettar:

    1. Carole Raddato (CC BY-SA 2.0)
    2. Ukjent
    3. Filarete
    4. Getty Images
    5. Leonardo da Vinci
    6. Museo Nazionale della Scienza e della Tecnologia Leonardo da Vinci Youtube
    7. Getty Images
    8. Nachlass Albert Speer / Bundesarchiv (CC BY-SA 3.0)