Kva meinte Kant?
Kant meinte at moralske handlingar må byggje på prinsipp som kan gjelde for alle menneske. Denne etiske teorien blir kalla pliktetikk. Kjernen i tankegangen hans blir uttrykt i det han kalla «det kategoriske imperativet»:
Du skal berre handle etter reglar som du samtidig ønskjer at alle andre følgjer.
Dette betyr at vi må spørje oss sjølve om handlingane våre kan gjerast til ein universell regel. Viss svaret er nei, er handlinga moralsk feil.
Kanskje du tenkjer at dette er veldig strengt, og det er det òg. Kant meinte nemleg at det ikkje er konsekvensane som avgjer kva som er rett, men om vi følgjer prinsipp som kan gjelde for alle.
Til dømes: Å lyge
Tenk deg at du vurderer å lyge for å sleppe unna ein vanskeleg situasjon. Kant ville sagt at du må spørje:
Kva ville skjedd viss alle laug i slike situasjonar?
Dersom det er heilt greit å lyge litt, blir det vanskeleg å stole på andre menneske. Vi veit jo ikkje om dei snakkar sant. Derfor meinte Kant at det alltid er gale å lyge.
Men dette reiser vanskelege spørsmål.
Kva om ei løgn kan verne nokon?
Kva om sanninga kan skade?
Her ser vi at pliktetikken ikkje alltid gir enkle svar, men han utfordrar oss til å tenkje nøye gjennom kva reglar vi faktisk meiner bør gjelde for alle.
Skal vi alltid følgje reglar?
Kanskje du begynner å lure: Skal vi verkeleg alltid følgje reglar, same kva som skjer?
Kants tankar kan minne om korleis reglar og plikt står sentralt i til dømes militæret, der det er venta at ein følgjer ordre. I farlege situasjonar med mykje stress er det ikkje tid til å «diskutere med dei som bestemmer», ein må høyre etter og gjere som ein får beskjed om, derfor er det viktig med tydelege reglar og ansvar.
Samtidig viser erfaringar frå mellom anna andre verdskrigen at det ikkje alltid er nok å berre følgje ordre. Soldatar har også eit ansvar for å vurdere om det dei gjer er rett.
Dette viser at pliktetikk kan vere både tydeleg og krevjande. Etikken gir klare reglar, men han tvingar oss også til å ta ansvar for korleis vi bruker dei.