Tyngdekrafta

Viss du slepper eit eple, fell det ned på bakken. Kvifor svevar det ikkje berre av garde? Og kvifor fell det nedover og ikkje oppover? Det kjem av ei kraft som er til stades overalt i verda: tyngdekrafta.

Forskaren Isaac Newton var den første som fann ut korleis tyngdekrafta verkar. Det seiest at han ein dag såg eit eple falle frå epletreet i hagen. Då begynte han å gruble på kvifor!

I denne videoen kan du lære meir om tyngdekrafta.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Isaac Newton holder et rødt eple og ser opp på treet

Boka til Newton

I 1687 gav Newton ut ei bok om tyngdekrafta. Han kalla boka «Læra om prinsippa i naturen». I fleire hundre år etterpå vart mykje vitskap bygd på det som stod skrive i denne boka. Derfor er det ei av dei viktigaste bøkene i historia.

Forside av Isaac Newtons bok
Forside av Isaac Newtons bok

Kven var Isaac Newton?

Isaac Newton vart fødd på ein gard i England i året 1643. Han vaks opp med bestemora si, før han begynte på universitetet i Cambridge. Der studerte han matte og fysikk.

Newton fortsette med å studere naturen i mange år, og han skreiv fleire kjende bøker. Han fann ut korleis ein kan rekne ut størrelsen på planetar, og at kvitt lys eigentleg består av alle fargane i regnbogen. Han lagde også eit spesielt teleskop. Dette teleskopet gjorde det enkelt for folk  verda over å sjå på stjernene.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Portrett av Issac Newton av Jean-Leon Huens
Portrett av Issac Newton av Jean-Leon Huens

Isaac Newton vert ofte kalla «fysikkens far». Han la grunnlaget for mange andre kjende teoriar i hundrevis av år framover.

Har du høyrt om Albert Einstein? Han var eit geni som bygde vidare på læra til Newton.

Portrett av Isaac Newton
Portrett av Isaac Newton

Fire fakta om Isaac Newton 

1. Truande

Sjølv om han er mest kjend for vitskap, var Newton også oppteken av tru.

2. Adeleg

Newton fekk ein adeleg tittel for arbeidet sitt. Derfor vert han kalla sir Isaac Newton på engelsk.

3. Myntekspert

Newton jobba ved det kongelege myntverket i London. Han kunne sjå om myntar var falske.

4. Forgifta av kvikksølv?

Etter at Newton døydde i 1727, fann ein kvikksølv i håret hans. Kvikksølv er svært giftig. Det kan vere at Newton døydde fordi han gjorde testar med stoffet. På denne tida prøvde nemleg mange å lage gull av kvikksølv.

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt

Kjelder:

  • Historie Junior (2015)
    Orage Forlag AS

Bilet- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Jean-Leon Huens, 1884
    4. Getty Images
    5. Getty Images