Isbrear og isfjell 

Der det er veldig kaldt, finn ein store isflater som blir kalla isbrear. Dei blir til når snøen som fell ikkje smeltar i løpet av året. Etter mange år blir snølaga pressa saman til enorme, tjukke ismassar. Breane bevegar seg i landskapet, nesten som kjempetrege elvar. Dei sig nedover fjelldalar, over sletter eller utover i havet. Der isbreen møter havet, blir det ei tjukk, flytande plattform. Dette blir kalla ein isbrem. Etter kvart som isen sakte blir skuva ut mot havet, brekk det av bitar som flyt av garde. Desse store bitane kallar vi isfjell. 

Isfjell, Antarktis

Visste du at …

Lambertbreen i Aust-Antarktis er verdas største isbre? Han er 14 millionar kvadratkilometer, ca. like stor som arealet av Noreg 36 gongar. 

cirka 10 prosent av jordoverflata er dekt av is?

isbreane rommar 70–80 prosent av alt ferskvatnet jorda?

det finst 47 land i verda som har ein eller fleire isbrear?

store delar av isbreane i verda ligg i Antarktis og Grønland? Men det finst isbrear høgt oppe i fjella alle kontinent, til og med i Afrika.

Forrige avsnitt

1 / 5

Neste avsnitt
Isbre, Island
Isbre, Island

Ønsker du å lese hele artikkelen?

Ved å logge inn får du full tilgang til artikkelen, samt Lærerrommet med engasjerende læringsstier og oppgaver du kan bruke i undervisningen.

Logg inn med Feide

Ønsker du å prøve ut fullversjonen av Skolerom?
Kontakt oss her!