Ja, vi elskar matpakken!

Matpakken i Noreg har ei lang historie. Tenk på den sveitte skiva med gulost og ein mjuk paprikaring. Somme grøssar ved tanken, mens andre minnest matpakken med varme. Hugsar du den første matboksen din? Kva for minne vekkjer han hos deg?

Jente med klasserom i bakrunnen. Vi kan skiimte en rosa matpakke på pulten hennes, og en klassekamerat som er i ferd med så spise sin lunsj.

Ein liten matrevolusjon

Kvar dag møter tusenvis av elevar opp på skulen med matpakke i sekken. Nokre et matpakken med glede. Andre lærer aldri å like han.

Tradisjonen med matpakke starta i Oslo på 1930-talet. Forskarar meiner at det er ei av dei mest dramatiske endringane i norsk matkultur gjennom historia. Det er ei smart oppfinning – slik som den berømte ostehøvelen – berre mykje sunnare.

Smilende ung jente med stripete skolesekk. Mor i bagrunnen som legger matboks i sekken.

Matpakken blir til

På 1920-talet fekk elevane tilbod om varm mat på skulen. Dessverre hadde ikkje alle foreldre råd til å betale for dette. Mange fattige barn gjekk derfor heile skuledagen utan mat.

Maten blei ofte kokt så lenge at han mista mesteparten av dei viktige næringsstoffa. Derfor meinte skulehelsetenesta i Oslo at grovbrød, mjølk, rå grønsaker og frukt var ein betre måte å få barn til å ete sunn mat på.

Skulehelsetenesta er eit gratis tilbod til elevar. Dei som jobbar her, kallar vi helsesjukepleiarar.

Oslo-frukosten

Slik oppstod «Oslo-frukosten». Mange skulebarn i Oslo fekk frukost før skulestart. Men då dette også skulle gjelde i resten av landet, blei det for dyrt for mange kommunar.

Løysinga kom i 1936. Då fann ein ut at delar av Oslo-frukosten kunne takast med heimanfrå. Elevane fekk mjølk og frukt på skulen, men måtte ta med brødmaten sjølv. Denne løysinga blei etter kvart til den berømte “matpakken”.

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt
Retro grønn matbokskoffert i metall mot en rustikk treoverflate. Knallrødt eple oppå matboksen.

60- og 70-talet

I 1963 viste ei undersøking at 450 kommunar (85 %) følgde ordninga med matpakke.

I ein medisinsk artikkel frå 1973 kan vi lese at matpakken heimanfrå helst skulle ha grovt brød. Mjølk fekk elevene på skulen, og det blei tilrådd at skulane serverte frukt og rå grønsaker.

📷  Første skuledag ved Ila skule i 1965.
Svart hvitt bilde. Pent kledd ung gutt holder mors hånd i skolegården på første skoledag. I andre hånden har han en skoleveske.

Skulefruktordninga startar

På 1990-talet starta skulefruktordninga som eit prosjekt i Østfold. Denne ordninga utvikla seg etter kvart til å gjelde heile landet. Skulane kunne no kjøpe frukt til elevane til ein subsidiert pris.

Røde epler dandert i et mønster mot en knallturkis bakgrunn.

2000-talet

I 2006 undersøkte Kunnskapsdepartementet korleis skulemåltida fungerte.

Dei fann ut at matpakkeordninga fungerte greitt dei første skuleåra. Seinere blei det færre som hadde med matpakke. Nokre lét vere å ete, mens andre kjøpte usunn mat på butikken.

I 2013 blei det gjort ei ny kartlegging om skulemåltid i grunnskulen. Her fann ein at endå færre elevar i ungdomsskulen hadde med seg matpakke.

Helsedirektoratet gir oss råd om korleis vi skal ta vare på helsa vår. Ikkje minst i skulen. I 2015 kom «Nasjonal faglig retningslinje for mat og måltider i skolen». Denne er delt inn i tre delar: grunnskule og skulefritidsordning (SFO), ungdomsskulen og vidaregåande skule.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Ung gutt og jente i klasserom. Gutten spiser kjeks fra en gul matboks, og jenten holder en skive.

Politisk diskusjon

Gjennom 2000-talet har matpakken vore emne for mange tøffe politiske diskusjonar. Nokre argumenterer mot matpakken, mens andre kjempar for å behalde han.

Dei nordiske nabolanda våre, Sverige og Finland, har lovpålagt gratis varm mat i alle barnehagar og skular. Her går elevane til kantiner eller matsalar, der dei får servert mat som blir levert frå  kommunale storkjøkken.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Fornøyde skolebarn i kantine spiser varmmat.

Den moderne matpakken

Matboksane i dag kjem i mange  ulike former og fargar, men det er innhaldet som er det viktigaste.

Uansett fasong og farge er matpakken ein vesentleg del av kvardagen vår. Kva du puttar i han, er ikkje likegyldig. Matpakken er avgjerande for den fysiske utviklinga di, men også for evna di til å følgje med i timen. Og ikkje minst for humøret ditt når du kjem heim.

Fargerik matboks i metall formet som en robot.

Kjelder:

Bilet- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Getty Images
    4. Trondheim byarkiv (CC BY 2.0)
    5. Getty Images
    6. Getty Images
    7. Getty Images
    8. Getty Images