Jorda – planeten vår
Jorda, vår eiga planet, er ein fruktbar, men sårbar lita prikk av liv i eit enormt univers.
Flytande vatn på jorda
Jorda er den tredje planeten frå sola, og den einaste planeten som har flytande vatn og – så vidt vi veit – liv. Du synest kanskje vi har høge fjell og djupe hav, men overflata er eigentleg ganske glatt. Viss du samanliknar jorda med ei biljardkule, vil fjell og hav utgjere berre 0,1 mm i høgdeforskjell.
Den blå planeten
Merkur, Venus og jorda vart til omtrent samtidig. Den største forskjellen er at det meste av jorda er dekt av vatn. Derfor kallar vi jorda “den blå planeten”.
Det vitskapelege namnet til jorda er Tellus, men Terra er også brukt.
Sola skinner på Jorda fra verdensrommet
Planeten Jorda og Sola sett fra verdensrommet
Kjelder:
- Universet Junior (2019)
Orage Forlag AS
Bilet- og videorettar:
-
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Ukjent
-