Flytande vatn på jorda  

Jorda er den tredje planeten frå sola. Det er så langt vi veit den einaste planeten som har flytande vatn og liv. Du synest kanskje vi har høge fjell og djupe hav? Men ser du jorda på lang avstand, så er utsida av henne ganske glatt. Viss jorda hadde vore ei biljardkule, ville fjell og hav berre gitt ein høgdeforskjell på 0,1 mm.

Den blå planeten  

Merkur, Venus og jorda vart til omtrent samtidig. Den største forskjellen er at det meste av jorda er dekt av vatn. Derfor kallar vi jorda “den blå planeten”.

Det vitskapelege namnet til jorda er Tellus, men Terra er også brukt.

Atmosfæren som eit beskyttande lag  

Livet på jorda er avhengig av atmosfæren, som består av karbondioksid, oksygen og nokre andre gassar. Det er det vi til vanleg kallar luft.

Atmosfæren gir jorda ein jamn varme og beskyttar oss mot farar fra verdensrommet.

Planeten vår har også akkurat passe sterk tyngdekraft til å halde på atmosfæren.

Kva er tyngdekraft?

Når du tek eit eple og slepper det, fell det ned på bakken. Det svevar ikkje i lufta. Kvifor? Det kjem av ei kraft i naturen som heiter tyngdekraft. Den same krafta får månen til å halde seg i bane rundt jorda. Det er denne krafta som får eplet til å falle frå treet til bakken, og som held atmosfæren på plass.

Utan atmosfæren ville det blitt frykteleg kaldt på den sida av jorda som vender bort frå sola. Det vil seie den delen av planeten som har natt.

Eit av teikna på at jorda er ein levande planet, er oksygenet i atmosfæren. Plantane lagar dette frå karbondioksid med hjelp av fotosyntese. For å gjere dette treng plantane vatn. Det har vi heldigvis nok av på jorda.

Fotosyntese betyr at sukker og oksygen blir til av karbondioksid og vatn, med hjelp av lysenergi.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt

Jorda består av tre lag 

Kjernen  

Den yttarste delen av kjernen består av smelta metall. I midten er kjernen tett, tung og fylt av smelta jern.

Mantelen 

Ein trur at mantelen til jorda er nesten 3000 kilometer tjukk. Mantelen består av stein. Steinen er ikkje flytande, men mjuk og bevegeleg. Det vanlegaste grunnstoffet på jorda, i tillegg til oksygen, er silisium.

Skorpa

Jorda er dekt av ei cirka 35 km tjukk steinskorpe. Skorpa til jorda er mykje tynnare enn skorpa til Venus, som er cirka 100 km tjukk.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt

Solsystemet – kort forklart

Kjelder:

  • Universet Junior (2019)
    Orage Forlag AS

Bilet- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Getty Images
    4. Ukjent
    5. European Space Agency, ESA Youtube