Kaffepause
Kaffebønner i Etiopia
Sufi kloster i Yemen
Kaffehus
Kva er kaffi?
Kaffi er ein drikk som blir laga av frukta frå kaffiplanten Coffea Arabica. Det er berre frøet som blir tørka, brent og male. Kaffipulveret blir blanda med kokande vatn. Fleire og fleire drikk òg iskaffi.
Kvifor heiter det kaffi?
Orda «caffe» vart brukt i Italia på slutten av 1500-talet. Dette ordet kjem av det tyrkiske «kahveh». Og det kjem av det arabiske ordet «qahwah». Det siste skal visstnok bety ‘arabisk vin’.
Ei meir sannsynleg forklaring er at ordet kjem frå Kaffa, eit område i Etiopia som produserer kaffi.
Kaffebønner
Kvifor verkar kaffi oppkvikkande?
Kaffi inneheld koffein, som er eit stimulerande stoff. Koffein finst også i energidrikkar. Koffein gjer at ein held seg vaken sjølv om ein er trøytt. Mange drikk derfor ikkje kaffi før dei skal sove.
Koffein har òg ein smertestillande effekt. Det blir brukt i hovudverktablettar og migrenemedisin.
Vanedannande
Koffein er vanedannande. Derfor bør ein ikkje overdrive bruken av det. Eit altfor stort inntak kan føre til helseskadar. Litt kaffi kvar dag kan derimot vere godt for helsa.
Koffeinforgiftning: For mykje koffein kan føre til hovudverk, kvalme, magekrampar og ujamn hjarterytme. Stort forbruk av energidrikkar kan medføre helseskade. Kvifor er det så mange ungdommar som drikk energidrikkar, trur du?
13 millionar koppar kaffi – kvar dag!
Kaffi blir seld over heile verda. Nesten like mykje som olje. Kaffi er ei viktig handelsvare i Sør-Amerika, Asia og Afrika. Noreg er i verdstoppen når det gjeld kaffidrikking. Nordmenn drikk i snitt mellom tre og fem koppar per dag. Dette svarar til 13 millionar koppar med kaffi. Kvar dag!
Det einaste landet som har eit større forbruk i forhold til folketalet, er Finland.
Kaffe på tog
Ein kopp kaffi krev 130 liter vatn!
Du tenkjer kanskje at det ikkje er så mykje vatn i ein kaffikopp. Men for å lage ein kopp med kaffi trengst det faktisk 130 liter vatn.
Kvifor trengst det så mykje vatn, trur du?
-
Kjelder:
- FHI.no (07.09.21): Fakta om koffein og koffeinholdige drikker
https://www.fhi.no/ml/kosthold/fakta-om-koffein/
- NHI.no (07.09.21). Hva er koffein?
https://nhi.no/sykdommer/psykisk-helse/diverse/koffein/
- Kaffe.no (07.09.21): Det norske folks kaffevaner
https://kaffe.no/det-norske-folks-kaffevaner/
- Waterfootprint.org (07.09.21): Vannavtrykk for kaffe
https://waterfootprint.org/en/resources/interactive-tools/product-gallery/
- Kaffe.no (07.09.21): Forbruket av kaffe i Norge
https://kaffe.no/forbruket-av-kaffe-i-norge-2/
- Waterlogic.no (07.09.21): Slik begynte hele Europa å drikke kaffe
https://www.waterlogic.no/blogg/slik-begynte-hele-europa-a-drikke-kaffe/
- Historyofcoffee.net (07.09.21): The Origin and Legends of Coffee
http://www.historyofcoffee.net/coffee-history/coffee-legends/
- Kaffe i Store norske leksikon på snl.no.
Henta 7. september 2021 frå https://snl.no/kaffe
- Kristiansen, Inge S.: Kafé i Store norske leksikon på snl.no
Henta 7. september 2021 frå https://snl.no/kafé
- Stoughtonwi.com (07.09.21) Coffee break festival August 21, 2021
http://www.stoughtonwi.com/events/details/stoughton-coffee-break-festival-2021-5503
- Mic.com (07.09.21): The History of Coffee Began in a Tiny City You’ve Probably Never Heard Of
https://www.mic.com/articles/91347/the-history-of-coffee-began-in-a-tiny-city-you-ve-probably-never-heard-of
- Forskning.no (07.09.21): Stor kaffestudie gir grønt lys for 3-4 kopper om dagen
https://forskning.no/mat-og-helse/stor-kaffestudie-gir-gront-lys-for-34-kopper-om-dagen/307764
- History.com (23.09.21): How coffee fueled revolutions – and revolutionary ideas
https://www.history.com/news/coffee-houses-revolutions
- FHI.no (07.09.21): Fakta om koffein og koffeinholdige drikker
Bilde-og videorettar:
-
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-