Både menneske og dyr kan telje

Menneske er dei einaste som kan løyse vanskelege rekneoppgåver. Men nokre dyr kan telje og skilje på ulike mengder.

Ape teller penger
Ape teller penger

Primatar

Primatar – som apar og menneske – er dei som er flinkast med tal.

Forskarar har sett at sjimpansar kan leggje saman tala på sjokoladebitar i ein bolle. Dei kan telje opp til fem. Desse apane kan òg sjå forskjell på kva slags bolle som har flest sjokoladar, og dei vel den bollen ni av ti gongar.

Rhesusapar har vist seg å kunne telje gjenstandar på ein skjerm, og det er mykje vanskelegare.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Sjimapnse
Sjimapnse

Dyr kan forstå mengder

Løver ser ut til å klare å forstå mengder basert på lyden dei høyrer. Dei kan høyre om det er mange inntrengjarar eller få. Så samanliknar dei det med kor mange løver det er. Viss det er fleire inntrengjarar enn løver, vil ikkje løvene angripe.

Også andre pattedyr, som ulv og svartbjørn, kan skilje på tal.

Insekt kan òg telje. Honningbier veit kor langt frå kuben dei er gjennom å telje ting dei ser når dei flyg. Dei kan telje inntil fire ting. Honningbier kan òg skilje mellom ulike tal  på prikkar – inntil fire.

Fisk, som guppyar, vil helst vere i dei stimane som består av flest fisk. Det gir tryggleik. Dei klarer derfor å sjå kva stim som har flest fisk og velje den stimen.

Kyllingar kan òg skilje på større og mindre mengder. Forsking viser at kyllingar kanskje til og med førestiller seg ei tallinje som går frå venstre mot høgre.

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt
Løve
Løve

Plantar kan telje

Forsking viser at ein plante som Venusflugefangar kan telje til fem! Når eit insekt landar på planten, vil han klappe saman og fange insektet dersom han kjenner to berøringar i løpet av 30 sekund. Planten kan derfor både telje og ta tida!

Venusfluefanger
Venusfluefanger

Kjelder:

  • Livets små og store mysterier (2020)
    Orage forlag AS

Bilde- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Getty Images
    4. Getty Images